Kreftforeningen har bidrege til at over halvparten av norske kommunar har kreftkoordinator, ved å gi lønsmidlar. Nå er det vedtatt at Tysvær skal ha kreftkoordinator i fast, full stilling frå 1. juli.

Kreftkoordinator i Tysvær kommune, Maria Revheim, synst det er flott at Tysvær kommune ser nytta av kreftkoordinatorstillinga. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Vellukka satsing blir fast stilling

Kreftforeningen har bidrege til at over halvparten av norske kommunar har kreftkoordinator, ved å gi lønsmidlar. Nå er det vedtatt at Tysvær skal ha kreftkoordinator i fast, full stilling frå 1. juli.

av Ingvild Rørtveit Myklebust

FAKTA

* Kreftforeningen starta kreftkoordinatorsatsinga i 2012 og i dag er det kreftkoordinator i meir enn 200 kommunar i landet.

*  Kreftkoordinator en tilsett i kommunen, og dei aller fleste stillingane er delfinansiert av Kreftforeningen. Oppgåva er å støtte og hjelpe kreftsjuke og deira pårørande– både helsefaglig og praktisk.

* Formålet med satsinga er å styrke kreftomsorga i kommunane og betre koordineringa av tenestene på kreftområdet. For å bidra til betre livskvalitet og levekår for kreftpasientar og deira pårørande.

* Dei kreftkoordinatorane som arbeider i kommunane i Norge har helsefagleg bakgrunn. Tilbodet er gratis for alle som er rørt av kreft – altså pasientar og pårørande.