Svarte skyer ein sommardag

Det er sommartid i landet alle reiser hit og dit… Vel både Olav Stedje og Vestlandsfanden var inne på noko då dei song denne songen ein sommardag, for det som etter kvart er blitt mange år sidan.

Dei tok det med ro for dei hadde hengekøy i hagen.
I dag er det andre krav som stillest. Bilde skal takast og leggast ut på diverse nettstadar. Folk blir oppdatert på kor ein er, om ein vil eller ikkje.
Eg har alltid tenkt at slik er det blitt. Fred og ro er ikkje det fred og ro ein gong var.
Og det hadde eg tenkt var greitt nok. Heilt til eg på min første arbeidsdag etter den første delen av ferien min trefte på ei dame på torget i Aksdal Senter.
– Dei gjer det for å lette litt på dei tunge skyene dei drar med seg i hovudet, sa ho då me snakka om me hadde fått mange sommarbilete til Bygdebladet.
Ok, tenkte eg, og me fortsette den lette sommarpraten der me sto, nokså aleine den fine sommardagen.
– Det er mange som slit med tunge tankar heile året og som nyttar seg av å legge ut positive bilete på nett. Klanskje for å lure seg sjølv litt også, smilte ho og gjekk sin veg…
Seinare på dagen blei eg sittande å sjå på bilete på nett. I mitt nettverk fann eg omlag 600 bilete frå diverse fjellturar, Syden-turar og båtliv. «Alle» verka glade og nøgde med det sommaren har gitt oss i år.
Sommaren er enten eller for svært mange. Det kan vere mange grunnar til at det ikkje bare er smil, latter, glede og solskin. Det kostar å vere «kar», og har ein tenkt seg på ein billigtur ut i verda, for å gjere slik «alle» andre gjer, så kostar det mykje pengar. Pengar mange ikkje har og som dessverre alt for mange hentar inn på kreditt.
Andre igjen har kan hende ingen å reise med. Sjølv om det finst eit uttal av singelturar og anna «spennande» så blir det for ein del mykje aleinetid når dei ikkje er på jobb.
Så er det dei som ikkje orkar. Kor rullegardina har gått ned lenge før sommarsola kom. Som slit med sitt dag ut og dag inn. Som me kanskje ikkje ser i kvardagen, men som blir litt meir synlege i all sommarjubelen. Dei som ikkje heilt veit kva det er som ikkje fungera, og som er i ein situasjon som er fortvila. Som enten ikkje får hjelp, eller som ikkje klarer å ta i mot den hjelpa som er der.
Eg trudde kanskje jula var verstingen, men har etter dagens korte prat på torget fått ein mistanke om at bilde frå fjellheimen, eller av diverse drinkar i Syden kanskje har fleire meiningar.
Å vere psykisk sjuk eller utbrent er noko som er vanskeleg for mange å skjøne seg på. Kvifor ikkje bare ta nokre dagar fri?
Vel, eg trur at det skal mykje meir til for å få vekk mørke skyer ein solskinsdag, om ein ligg i hengekøya eller sit på ein fjelltopp.
Einaste eg kan love er at eg skal sjå på bileta dine. Det er det minste eg kan gjere.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør