water hose or spray into the green garden yard at sunset
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Korleis begrense vassforbruket?

Det er framleis vatningsforbod i Tysvær. Tørkeperioden har ført til kritisk låg vasstand i heile Norge, og det gjeld også Tysvær kommune. Dei har nokre tips til korleis ein kan bruke mindre vatn i desse tørre tider.

– For å oppretthalde god vassberedskap er det inntil vidare forbode å bruke hageslange, dryppslange, spreiar og anna vatniningsutstyr som krevjer store mengdar vatn. Vatning med kanne er lov, opplyser kommunen.

Det blir oppmoda til å ikkje la vatnet renne unødvendig, og kun vaske hus eller bil om det er høgst naudsynt.
Kommunen påpeiker at dei som livnærar seg av mat, dyr, plante, jordbruk og liknande, samt firma som utfører bilvask og husvask er untatt frå forbodet.

Likevel ber dei også desse næringane om å vere forsiktige med vassforbruket.
– Forbodet skal sikre stabil vassforsyning til alle som får vatn frå vassverket, og sørge for god kapasitet dersom det skulle oppstå brannar, opplyser Tysvær kommune.

Forbodet gjeld til nytt varsel blir gitt via kommunen sine heimesider og Facebook.

Kommunen gir følgjande råd for korleis ein kan begrense vassforbruket:

  • Juster opp knivane på plenklipparen slik at graset ikkje blir klipt for langt ned. Då tåler plenen din betre sol og tørke.
  • Prioriter blomar og buskar, vann desse med kanne eller bøtte. Å vatne dag/ kveldstid med sola oppe gir liten effekt. Vann derfor blomar og buskar etter at sola har gått ned.
  • Ta heller fleire kjappe dusjar i staden for å bade. Då sparer ein både straum og vatn.
  • Sett på vaskemaskinen og oppvaskmaskinen berre når dei er heilt fulle
  • Sjekk at det ikkje renn vann frå sikkerhetsventilen på varmtvannsberederen
  • Reparer dryppande vasskraner
  • Skru av vatnet når du pussar tennene
  • Reparer toalett som har ein rennande cisterne, då det kan gå tapt så mykje som 400.000 liter vatn i året (400 kubikkmeter).
  • Oppdager du mykje kondens på vassrøyr i kjellaren, kan dette bety at til dømes eit toalett står og renner.