Det er grunneigaren si oppgåve å syte for at hekken ikkje veks uti vegbanen. Det kan skape farlege situasjonar i trafikken.
Det er grunneigaren si oppgåve å syte for at hekken ikkje veks uti vegbanen. Det kan skape farlege situasjonar i trafikken.

Same problem i år som i fjor; trafikkfarlege hekkar

Det er nokre problem som dukkar opp like trufast som sommarmånadane på
kalenderen. Stadig må kommunen minne folk på å klippe ned trafikkfarlege hekkar.

– Du som har hage må bidra til at vegetasjon frå din eigedom ikkje skapar trafikkfarlege situasjonar, skriv Tysvær kommune på nettsidene sine.
Ein liten kikk i arkivet vårt viser at denne saka er og blir ein gjengangar. For å sikre at dei mjuke trafikantane skal kunne ferdast trygt langs vegane, må folk bli flinkare til å klippe ned hekkane og buskane sine, slik at dei held seg innanfor eigedomen.
– Mange er flinke, men me vil likevel minne om at alle huseigarar har ansvar for at det ikkje breier seg utover fortau og tvinger skulebarn og andre ut i vegbanen, kommenterer kommuen.

Kan bli dyrt
Samtidig ber kommunen folk om å ta kontakt om det skulle vere hekkar og anna i deira eige som bør klippast ned.
– Me gjer vårt beste for å feie for eiga dør – eller klippe for eigen hekk, men vil gjerne ha beskjed om det er kommunale hekkar og buskar som ikkje er klippt, opplyser dei.
Om du luntrar unna og ikkje passar på å klippe hekken din, vil kommunen måtte gjere det for deg, på din rekning.
– Me vil gjerne sleppe å kontakte folk om hekken deira. Men om ein som grunneigar ikkje gjer jobben godt nok, vil ein få ein brev frå kommunen. Då vil ein også få ei skisse over frisiktsoner, der vegetasjonen skal vere høgast 50 cm. Dersom denne oppfordringa ikkje blir følgt opp, kan me gi eit pålegg med frist. Og om fristen ikkje blir heldt, kan Tysvær kommune sørge for å gjennomføre klippinga for grunneigaren si rekning, forklarer kommunen.

Tips og råd
Tysvær kommune kjem med desse råda for at folk skal kunne bidra til god trafikktryggleik;
– Klipp hekkar og buskar slik at dei ikkje veks utover eigedomsgrensa.
– I soner som krevjar fri sikt, skal vegetasjonen ikkje vere høgare enn 50 cm. Også dei små trafikantane skal ha oversikt. Også når det har snødd.
– Fotgjengarar, rullestolbrukarar, syklistar og andre må ikkje tvingast ut i vegbanen på grunn av vegetasjon.
– Hekk, buskar og trær skal ikkje skjule trafikkskilt, vegnamnskilt, signalanlegg eller gatelys.
– Trafikantar og vedlikehaldsmaskinar må ikkje bli hindra av greiner. Greiner frå trær skal henge minst 3 meter over fortau og sykkelfelt. Høgda over sjølve veabanen skal vere minst 4,7 meter.
– Greiner skal ikkje nå opp til ledningar.