Sigfrid Skogland Kristjansdottir (t.v.) og Torborg Veim Eikje har vore på årets landsleir i 4H.
Foto: Toyni Tobekk, PR/info
Sigfrid Skogland Kristjansdottir (t.v.) og Torborg Veim Eikje har vore på årets landsleir i 4H.

Kjekk veke på 4H-leir

4H sin landsleir 2018 blei haldt av Rogaland 4H på Øksnevad VGS. Tysvær var sjølvsagt representert.

Frå Tysvær deltok Sigfrid Skogland Kristjansdottir frå Fjordsol 4H i Nedstrand, og Torborg Veim Eikje frå Vilje 4H i Tysværvåg.
– Me hadde ei utrolig kjekk veke på leir der med trefte igjen gamle venner, og ble kjent med nye. På leiren var det konserter om kveldane med blant anna Silo og Saft, Emma Noor og Tønes. Me fekk også vere i Kongeparken og på aktiviteter som me hadde valt sjølv. Sigfrid var i Rush trampolinepark , vitengarden og vitenfabrikken og på dresingsykling.
Torborg var på vitengard og vitenfabrikken, Landa park vikinggard og landbrukstur.