Amble består av Hanne Undheim Askeland på vokal og Torleiv Fossum på gitar, vokal og meir. Duoen spelar eigenkomponerte låtar med eit akustisk uttrykk og varme vokalharmoniar. Dei har gitt ut singlane «She’s leaving» og «A Change of Heart», og planlegg EP-utgiving i løpet av 2018.
Og, dei har varlsa at dei kjem til å sleppe ein heilt ny song i dag…
– Det er med stor glede me kan anonnsere at Amble ville komme å spele lunsjkonsert. Duoen Hanne Undheim Askeland og Torleiv Fossum er kjente musikarar og sangarar i Tysvær. I år har dei også som ein del av bandet «Himmelhamn» fått svært positive tilbakemeldingar. Men til Tysværtunet denne gongen kjem dei altså som duo. I mars sleppte dei singelen «A Change of Heart», og fekk svært gode kritikkar. Me tippar på fullt hus og nydeleg musikk når me startar opp haustens lunsjkonsertar i dag den 31. august, seier redaktør i Tysvær Bygdeblad, Alf-Einar Kvalavåg.
Konserten starar som vanleg 11.30 og er heilt gratis.