Vinmonopol til Aksdal?

Nok ein gong har folk frå Vinmonopolet vore på synfaring i Aksdal senter. Blir det pol til Tysvær denne gongen?

Tysdag kveld var dei på besøk for å sjå seg rundt i senteret.
Det er ikkje første gongen Vinmonopolet er innom, og dei tidlegare gongene har ikkje Tysvær fått pol. Derfor er også senterleiar Elisabeth Førland forsiktig optimist.
– Eg håpar sjølvsagt, men me har blitt skuffa før. Denne gongen var det Vinmonopolet sjølv som tok kontakt og ville komme, det er jo positivt. Dei sa dei var nysgjerrige, og ser stort potensiale i Aksdal senter. Men så er spørsmålet kva dei tenker om planane om nytt senter. Eg håpar dei vil inn no, og blir med på prosessen vidare, men me får sjå. Tildelinga skjer i midten av november. Då får me vite kven som får pol på same måte som alle andre – via nettsidene til Vinmonopolet. Dei seier at me kjem til å få pol i Aksdal ein gong, men spørsmålet er berre når. Får håpe me har hellet med oss denne gongen, seier Førland.