Alt klart i Aksdal, eller…

I dag torsdag er det mykje fintfolk som er samla for å snakke om utviklinga i Aksdal.

Det er ikkje første gongen, og som du sikkert etter kvart har forstått, heller ikkje siste.
Det som skal skje i dag er etter det me kjenner til at ein skal komme med ein status over det som har skjedd, som skal skje snart og dei lengre perspektiva for å utvikle kommunesentrum.
Det er komme nye papir, ja det meste skjer på papiret i Aksdal framleis, som viser at det nå er godkjent bustadutvikling både på Hagland-eigedomen på haugen bak bustadane i «gamle» Aksdal og i den såkalla «Eplehagen». Mange av motsegna frå fylkesmannen er nå luka vekk, og klarsignala kan gis. Det er positivt at ein kan komme fram til løysingar.
Samstundes ser ein nå korleis den nye rundkjøringa vil bli, og hugs at den har både rådmann og ordførar lova skal utløyse mykje aktivitet i Aksdal, raskt.
Det som er bakteppe når planleggarar, eventuelle kjøperar, andre investorar, politikarar og tilsette i Tysvær kommune møtest i dag, er eit område som det viser seg svært vanskeleg å utvikle. Kvar gong me skriv ei sak om at det ikkje skjer noko i Aksdal, går det berre minuttar før den første er på tråden, og seier berre vent og sjå.
Og møtet i dag er eit slik vent og sjå-vendepunkt. I alle fall håper ein det. Og det hastar litt også denne gongen. Eit av flaggskipa i nye Aksdal heiter Albatrossenteret. I Tysvær Bygdeblad 30. juni 2016 på side 5 blir ordførar Sigmund Lier og rådmann Arvid S. Vallestad sitert, etter at intensjonsavtalen med Albatross Senter AS var signert.
– Dette er det første steget mot eit nytt Aksdal. Nå skjer det.
Det blei meldt om stor interesse, og det beste av alt;
– Innan eit år skal bygginga av det nye trenings- og helsesenteret vere i gang.
Det er nå gått to år og to månadar sidan dette stod på trykk. Eller 800 dagar utan spor av verken gravemaskinar eller helsehus. I staden ser ein helseetableringar på Frakkagjerd.
Så eit av måla i dag må vere, som Lier har blitt sitert på i andre aviser, å få «pengar på bordet». Og ser ein på gjestelista så burde ikkje det vere problem. Problem blir det først når ein skal klargjere kva som faktisk er for sal, og kva moglegheiter det er for å etablere seg, og å utvikle Aksdal sentrum.
Difor har me i lokalavisa store forventningar for kva som vil komme opp i dag. Overrask oss gjerne med både oppkjøparar og investorar. La oss få treffe dei som har ein plan for å gjere noko i Aksdal. La oss for alt i verda ikkje få fleire flotte teikningar og hjelpeslause framtidsvisjonar.
Og til slutt alle som vil noko med Aksdal:
Les innlegget i dagens avis frå dei 32 ungdommane som har skrive eit opprop til dei som styrer i Tysvær, og som kjem med innspel om kva som kan få dei til å flytte heim ein dag.
Det er mange som har ambisjonar om Aksdal, og som ser for seg ei framtid der. Håper at nokon av dei sit i salen i dag, og nå viser litt musklar. Det treng Aksdal, det treng Tysvær og det treng me som er litt skeptiske.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør