Tor Martin Hegrenes fikk mykje ut av turen til Kopervik. Nå venter ein  periode med mange kampar.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tor Martin Hegrenes

Ein trepoengar vil forandre mykje

I kveld kjem Voll til kunstgraset i Grinde. Ein siger vil ha mykje å seie for Skjold og trenar Tor Martin Hegrenes. Svært mykje.

I papiravisa i dag kan ein lese heile saka om kva Skjold-trenar Tor Martin Hegrenes meiner om situasjonen laget er komme opp i. Tre gode haustkampar mot Åkra, FKH2 og Kopervik gir håp om ei lysning. Men han vil gjerne ha fleire sigrar.
NB: Dette er eit utdrag av ein lengre sak:

Tor Martin fortel om utfordringar knytt til skadde spelerar, og folk i kveldsarbeid.
– Jonas Risanger på jobb. Så er eg usikker på korleis det er med strekken til Berge Ohm. Tollak Emil Gismarvik og Petter Haraldseid var også ute mot KIL. Nå har både Berge og Tollak trena denne veka, men om dei toler å spele, og eventuelt om dei kan starte er eg usikker på, seier Hegrenes.
Siste tilskot på skadelista er Morten Bådsvik, som har fått ein smell i kne. Han er ikke med i kveld.

Vanskeleg
Skjold ligg utsatt til på tabellen, og det som skil Skjold frå ein sikker plass er å hente inn fleire trepoengarar. Det har vist seg å vere vanskeleg.
– Om ein ser på målskilnaden til laga rundt oss, så er det på tosifra minus. Me har minus to. Me har tatt poeng mot alle laga som er topp-7, unntatt mot Djerv 1919. Problemet er at det stort sett er uavgjorte kampar, og eitt og eitt poeng gir oss lita utteljing på tabellen. I tillegg har me tatt poeng mot feil lag. Hadde me tatt tre poeng mot Hundvåg, hadde det vore betre gevinst enn to uavgjorte mot topplaga Åkra og FKH2, seier Hegrenes.
– Fortvilande?
– Ja, på mange måtar. Me ser at jobbsituasjonen hos ein del av spelerane og dei skadane me har hatt, har slått veldig ut. Det gjer også treningskvardagen vanskeleg. Eg har framleis stor tru på at me skal få meir enn nok poeng til å klare oss, men det er slitsamt å ha dette hengande over seg kvar einaste veke.
– Press?
– Ja, det er det heilt klart for det er utruleg mange som er glade i a-laget til Skjold, og det er mange der ute som følgjer med på det me presterer. Dei er like overraska som oss. Det har ikkje gått på skinner, men det har vore lyspunkt dei siste vekene, seier trenaren som ikkje er redd for å stå rakrygga og ta ansvaret for resultata.
Og kveldens motstandar Voll har forstått dette med å hente inn poeng.
– Dei er eit godt eksempel på eit lag som jobbar knallhardt for kvart einaste poeng. Dei har ein liten stall, men eit par nøkkelspelerar som kan avgjere. Vårt håp er sjølvsagt at dei er nøgde med årets poengfangst, før kveldens kamp på kunstgraset.
– Kunstgras?
– Vel, me har stilt oss i ein slik posisjon etter terminlistemøtet at haustens heimekampar går seint på kvelden, noko som gjer at det er for mørkt på stadion. Litt trist for me likar ramma rundt kampane der. Men det å flytte til kunstgraset kan vere positivt for oss. Me har berre ein siger, og det mot Vedavåg, på graset heime i år.
– Betyr det at me kan vente ein sprudlande Skjold-gjeng i kveld?
– Målet er kvar einaste kamp at me skal angripe og gå for tre poeng. Det var målet mot KIL også, sjølv om dei gjer eit nummer av at me la oss låge. Mykje folk og god stemning er i alle fall svært motiverande for alle rundt laget, og dei to gode heimekampane mot Åkra og FKH2 bør trekke folk. Me går nå inn i ein periode der poengfangsten avgjer om det blir ein haustsesong med kniven på strupen, eller ei avslutning der me kan sjå oppover. Spenning blir det garantert, avsluttar Tor Martin Hegrenes.

Skjold – Voll
4. div. avd. 2
Grinde kunstgras
Kampstart klokken 19.00

Skjold sin tropp:
1 Jomar Skrunes
3 Petter Haraldseid
4 Jonas Kåre Wohlgemuth Wergeland
7 Aleksander Gundersen
8 Sander Hettervik KAPTEIN
9 Vegard Tryti Steinsland
10 Marco Augusto Passera
11 Tollak Emil Grinde Gismarvik
12 Håkon Bådsvik
14 Mats Tryti Steinsland
15 Gabriel Bakkevig Holden
16 Thor Ødegård
17 Daniel Aarås
19 Ole Johan Ove Skare
23 Berge Ohm
24 Sebastian Nesheim
31 Gøran Haraldseid Kallevåg

Voll sin tropp;
2 Morten Karlson
3 Anders Håland
4 Magne Stokka
10 Tommy Sørheim
16 Magnus Horpestad
17 Trond Wærsland
20 Georg Strømstad
28 Leif Andreas Torjussen
30 Anders Haugen
35 Andreas Grødeland
40 Ove Nese
41 Torjus Meling Berge
77 Pawel Folc
96 Preben Sletten