– Eg har fått meg leilegheit

For berre nokre få år sidan var det sjeldan me høyrte nokon i Tysvær seie den setninga, og var det nokon som sa det hadde dei som regel flytta ut av kommunen.

Velkommen til eit Tysvær Bygdeblad med rundt 20 sider med Bygg & Bu. Leilegheiter og nye bustadprosjekt i kommunen er berre noko av det du kan lese om.

Og dette med leilegheiter er ekstra spennande. Etter at det tidlegare var in med store tomter og einebustadar, har leilegheitene tatt heilt over. I Aksdal, Hervik, Tysværvåg, Grinde, Straumen, Nedstrand, Førland, Førre og Frakkagjerd. Du skjønar kva eg vil. «Alle» tettstader har etter kvart fått ein betydeleg tilvekst av denne måten å bu på.
Og me snakkar om alt frå førstegongskjøperar, som synest det er ok med 50 kvadrat, til luksusleilegheiter med utsyn over «halve» Tysvær.
Det handlar om fortetting, ei fortetting Tysvær kommune har ønska og lagt opp til. Nå ser ein resultata av god planlegging og framtidsretta utvikling av dei kvadratmetrane ein råder over. Slike prosjekt hindrar også at ein må bruke meir matjord til bustadar, og ein får samla tysværbuen der infrastrukturen er best.

Me har denne gongen besøkt fleire av desse prosjekta og nå begynner også dei unge utanfor Tysvær å få opp augo for kva kvalitetar det er å bu i Tysvær. Før snakka ein om at halve Haugalandet flytta hit fordi det var så godt å bli gamal i Tysvær. Nå er det ungdommen og unge familiar som kjem. Dei ser gode skular og idrettslag. Dei ser eit prisnivå som er fornuftig, og dei ser at Tysvær, spesielt den ytre delen, er i perfekt avstand til arbeidsplasser på resten av Haugalandet.
I framtida er det viktig at Tysvær legg til rette for ei vidare utvikling, er villige til å lytte til utbyggarar og til dei som meiner noko om dette. I denne marknaden er det små marginar mellom suksess og fiasko. Det skal lite til før ein utbyggar ser på andre kommunar, som meir attraktive å bruke pengar i. Og desse utbyggerane må me ha. Difor er ein open og forutsigbar dialog heilt avgjerande.

Målet for oss alle er sjølvsagt at Tysvær i framtida skal ha bustadar for alle som vil komme hit, eller som i dag bur her og vil flytte litt på seg.
Det høyrest av og til litt lett ut, men dette er eit samfunnsoppdrag som ein slett ikkje kan ta lett på.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør