Solveig Leithaug er på veg til Nedstrand. Det er det mange som ser fram til.
Solveig Leithaug er på veg til Nedstrand. Det er det mange som ser fram til.

Leithaug til Nedstrand

Mange har gleda seg til å få høyre Solveig Leithaug live. Nå blir det mogleg i Nedstrand kyrkje.

Kyrkja, som feirar seg sjølve i heile år, inviterer denne gongen til konsert med både den kjente artisten, og det lokale bandet Howdy.

– Det skal bli skikkeleg kjekt. Eg bur det meste av tida i USA, men har etter å ha snakka med Petter Losnegård om å ha konsert, nå lagt ut på ein turné som omfattar både Norge og Sverige. Han tok kontakt for eit år sidan, og i ein travel timeplan var det nå det passa å komme til Nedstrand, seier Leithaug.

Artisten har gitt ut ei rekke plater i fleire sjangrar.

Alle dei kjente

– Eg tar med meg eit knippe av dei songane som folk kjenner frå mi lange karriere. I dag med Youtube og andre nettstader er verda blitt liten, og folk finn meg og musikken. Det er kjekt. Eg er i ei gate mellom pop og country, men likar også å flørte litt med folkemusikk og andre stilartar. I kyrkja skal eg spele gitar sjølv og har med meg dottera mi Kari Julianna, som skal vere med å synge. Vi skal også gjere ein song med Howdy, men så langt er me ikkje komme i planlegginga at eg kan røpe kva det blir. I tillegg skal dei spele ein del songar, og eg har høyrt at dei passar perfekt i ein slik konsert, seier Leithaug.

Det er søndag 23. september konserten er på Nedstrand.

Travel

Leithaug reiser mykje både frå sin base i Nashville, og i Europa når sjansen byr seg.

– Dei neste vekene er utruleg hektiske og eg skal vere med på alt mogleg av arrangement. Likevel ser eg fram til å komme til ei gamal trekyrkje, for det passar så godt til ein del av songane mine. Dei handlar om alt frå tru, via kjærleik, til draumar. Når ein har gitt ut plater sidan 1985 har ein mykje å velje i. Eg elskar å ha konsertar, og eg er også spent på å møte Petter og Marianne Losnegård. Det verkar som heile bygda stiller opp rundt dette jubileet. Mitt mål er i alle fall å gi alle som kjem ei god oppleving, og det er eg rimeleg sikker på at det blir. Eg brukar å seie det skal vere låg terskel og høgt under taket på mine konsertar. Slik som det er i kyrkja på Nedstrand har eg høyrt, avsluttar ei travel Solveig Leithaug.