Denne store eika velta over eit bygg på Grinde skule natt til torsdag. Foto: Ingvild R. Myklebust
Denne store eika velta over eit bygg på Grinde skule natt til torsdag. Foto: Ingvild R. Myklebust

Tre velta over bygg på Grinde skule

Det har blese godt i Tysvær det siste døgnet, og då elevar og tilsette kom til Grinde skule torsdag morgon hadde eit stort tre velta over eit av skulebygga om natta.

Treet rotvelta over den grønne paviljongen, der rundt 70 elevar på tredje og fjerde trinn held til.
Det ser ikkje ut til at det er store skadar på bygget etter møtet med eiketreet. Det er nokre takstein som er knuste, men undervisninga har gått som normalt, opplyste undervisningsinspektør på Grinde skule Halvor Stakkestad til VG torsdag føremiddag.
Rektor ved skulen, Astrid Knudsen Eliassen, seier til Haugesunds avis at treet blei oppdaga då dei tilsette kom på jobb torsdag morgon.
– Heldigvis skjedde ikkje dette medan det var elevar på skulen, seier ho til avisa.
– Då blei det jo litt action på morgonkvisten. Mange av elevane synst jo dette var spennande, så dei fekk litt ekstra naturfag i første time, seier rektoren. 

Vaktmesteren ved skulen har meldt i frå om skada til teknisk etat i kommunen, og treet blir truleg fjerna i løpet av dagen.

Det er meir uvêr i vente på Vestlandet, og delar av Tysvær har framleis problem med straumen.