Om ei veke startar hummarfisket. Arkivfoto: Ingvild R. Myklebust
Om ei veke startar hummarfisket. Arkivfoto: Ingvild R. Myklebust

Skal du fiske hummar i år? Då må du hugse å registrere deg

Måndag om ei veke, 1. oktober, startar hummarfisket. Alle som skal fiske må registrere seg. Dette gjeld både fritidsfiskarar og fiskarar som er registrerte i Fiskarmanntalet.

Teiner som står i sjøen til fangst av hummar skal ha minst eitt vak som er tydeleg merkt med fritidsfiskarens deltakarnummer, namn og adresse.
Fiskeridirektoratet minner også om at alle teiner ska ha minst to sirkelforma fluktopningar- ei på kvar side av reiskapen.
I tillegg skal alle hummarteiner ha minst eitt rømmingshol, som blir halde lukka ved hjelp av nedbrotbar bomullstråd.

Reglar:

* Hummar med utvendig rogn er freda heile året.

* Frå 1. oktober klokka 08:00 kan du fange hummar over heile landet.

* Frå svenskegrensen til og med Sogn og Fjordane kan du fangste til og med 30. november.

I resten av landet kan du fangste til og med 31. desember.

* Hummar er berre tillate å fiske med teiner tilpassa hummarfiske. Hummar tatt med annan reiskap skal settast tilbake i sjøen.

* Minstemålet for hummar er i heile landet 25 cm. Hummar (og sjøkreps) skal målast frå spissen av pannehornet til bakre kant av midtre svømmelapp (halen).

* På Skagerrakkysten (avgrensa mot vest av ei rett linje frå Lindesnes fyr til Hanstholm fyr og til grensa mot Sverige) er det innført eit maksimalmål for hummar på 32 cm (totallengde). For å finne totallengde måler du hummaren frå spissen av pannehornet til den bakre kant av midtre svømmelapp.

* Minstemål for hummar skal vere basert på totallengde (frå spissen av pannehornet til den bakre kant av midtre svømmelapp). (Minstemålet for hummar er i heile landet 25 cm).

* Hummarteiner skal røktast minst ein gong per veke.

* Det er rapporteringsplikt for hummar som vert oppbevart i sjøen i desember.

* Det er ikkje lenger forbode for fritidsfiskarar å sette krabbeteiner på grunnare vatn enn 25 meter.

* Det er lov å sette/trekke teiner på søndagar, også på kyststrekninga frå svenskegrensa til og med Vest-Agder. (Det er framleis forbode å sette eller trekke teiner til fangst av hummar på kyststrekninga Vest-Agder til grensa mot Sverige frå ein time etter solnedgang til ein time før soloppgang.)

* Det er forbod mot fritidsfiske med garn på grunnare vatn enn 25 meter i Skagerrak i perioden frå og med 1. juni til og med 15. august.

* Ei hummerteine skal ha minst to sirkelforma fluktopningar – éi på kvar side av reiskapen. Opningane må vere minst 60 millimeter. I tillegg skal alle teiner ha minst eitt rømmingshol, som vert halde lukka ved hjelp av ein bomullstråd/rotnetråd, som er nedbrytbar.

* Det er ikkje krav om at heile teina er laga av nedbrytbar bomullstråd, tråden skal virke slik at eit panel i teina fell ut etter ei viss tid. Gamle teiner vil fortsatt kunne brukast ved å ettermontere bomullstråden.

Kjelde: www.fiskeridir.no