Ensemblet består av Megumi Tokosumi- fiolin, Bernhard Gismervik – fiolin, Tobias Tellmann –  cello, Marina Johansson –  piano og Arild Halvorsen – obo. Sistnemnte er ikkje med på fredagens konsert. 
Foto: Haakon Nordvik
Ensemblet består av Megumi Tokosumi- fiolin, Bernhard Gismervik – fiolin, Tobias Tellmann – cello, Marina Johansson – piano og Arild Halvorsen – obo. Sistnemnte er ikkje med på fredagens konsert.

Japansk lunsj i Tysværtunet

Det blir musikk frå både filmar og spel når Munor inviterer til Japansk lunsjkonsert. Familiar med barn vil kanskje spesielt kjenne igjen nokre av stykka.

Munorensemblet tilbyr eit unikt høve til å vise fram sin nye fiolinist, Megumi Tokosumi sin spesialkompetanse ved å presentere japansk musikk til lunsj. Det blir både klassisk musikk, filmmusikk og spelmusikk når ensemblet held konsert i Tysværtunet kommande fredag.
Storslagent utrykk
Megumi Tokosumi har jobba som musikar over heile verda. Ho har allereie vore del av Munor ei tid, og spelt fleire konsertar saman med dei.
– Det har vore veldig fint å komme til Norge og vere med i Munor, seier Tokosumi.
Ho gler seg til konserten.
– Det blir eit japansk musikkprogram, med mellom anna litt folkesong frå Japan, fortel ho.
Bernhard Gismervik i Munor ser også fram til konserten.
– Eg vil ikkje røpe alt me skal spele. Det er skrekkeleg mykje å plukke i frå når me skal spele japansk musikk. Det blir litt film- og spelmusikk som eg trur fleire vil kjenne igjen, samt heilt vanleg klassisk. Mykje av den japanske musikken er ganske grandios, altså den har eit storslaget utrykk. Det er mykje fine melodiar, som eg trur det blir kjekt både å spele og høyre på, seier Gismervik.
Han legg til at dette er slikt som Munor speler med stor glede, sjølv om dei ikkje klarer å stille med eit stort orkester slik ein ofte har i filmmusikken.
– Men, det finst alltid mange arrangement, og me har funne det som fungerer for oss, seier han.
Det er både strykarar og piano med i konserten, og Munor har også ein pianist som er fiolinist, slik at ein kan lage strykekvartett.

Munor
Munorensemblet har eksistert sidan 1981. Ensemblet består av Megumi Tokosumi- fiolin, Bernhard Gismervik – fiolin, Tobias Tellmann – cello, Marina Johansson – piano og Arild Halvorsen – obo. Sistnemnte er ikkje med på fredagens konsert.
Konserten er gratis og er eit samarbeid mellom Munor, Tysværtunet og Tysvær Bygdeblad.

Konsertstart i foajeen er som vanleg klokka 11.30