Dei viktige kampane

Har du planar om å bygge ut hytta di, eller kanskje dele tomta du og familien eig i to? Eller sit du heime og teiknar på draumehuset ditt, og veit inst inne at det blir vanskeleg å få det godkjent?

Vel, det kan vere gode nyhende på gong.
Arvid Bakken frå Høgre har lenge engasjert seg i denne typen politiske saker. Me har tidlegare skrive her på leiarplass at teknisk utval slett ikkje har vore det enklaste utvalet å bli kloke på. Deira ja og nei i byggesaker har minna meir om lotto og personlege meiningar, enn fagleg godt arbeid.
Rett nok – og til deira forsvar er mykje av dette grunna uklare og tildels vanskelege føringar frå fylkesmannen.
Det er i den reviderte kommuneplanen Bakken og fleire nå finn lysning og betre tider. Denne planen er ein bibel for oss seier han i eit intervju i Bygdebladet i dag. Retningslinjene er blitt justerte og klarlagt på ein måte som han og me meiner er eit langt steg i rett retning.
For når ein snakkar om hytter er det mykje detaljstyring der ute. Det er fort gjort å bli frustrert. Nå har ein kikka litt til nabokommunane og sett kva dei driv med. Ein har jobba hardt politisk med å fremme Tysvær sitt syn. Målet er og var eit tydlegare regelverk der synsing i lokale utval ikkje skal kunne spele like stor rolle som tidlegare.
Eg synest det er flott at lokalpolitikarar tar denne kampen, spesielt i ein kommune som Tysvær, med den lange kystlinja me har. For det er ved sjøen dei fleste avslaga og konfliktane er. Her kan det ikkje synsast, her må det vere soleklare retningslinjer som både utbyggar og politikarar skjønar. Og berre så det er sagt; det er slett ikkje berre politikarar og folk i teknisk som er vanskeleg i ein del byggesaker. Me har sett søknadar som vitnar om at det slett ikkje alle som ofrar kjent regelverk så mykje som ei kalori.
Tysvær er og vil bli ein attraktiv hyttekommune. Inntekter og aktiviteter rundt folk si fritid er spennande for ein kommune. Då er det svært viktig at ein blir kjent som ein kommune som legg til rette for ny utbygging og samtidig utvikling av allereie etablerte hytteområder. Det er mange gode planar i Tysvær og det er nå viktig at ein nyttar seg av den nyreviderte kommuneplanen og viser musklar.
Det er til glede for «hyttefolket», men også for lokalpolitikarar som brenn for slike saker, og som brukar masse av tid på å sette seg inn i lovverket. Alle kommunar treng slike folkevalte, ikkje minst Tysvær. Forvaltning av arealet vårt langs sjøen må vere ei prioritert oppgåve for framtida.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør