Trond Olav Lønning, Marthin Håvardsen og Roy Arne Tollaksen helsar på teknikar Håvard Rasmussen i Tysværtunet.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Trond Olav Lønning, Marthin Håvardsen og Roy Arne Tollaksen helsar på teknikar Håvard Rasmussen i Tysværtunet.

Herleg irsk lunsj i dag

I dag er det klart for ein ny lunsjkonsert i Tysværtunet. Denne gongen byr me på irsk lunsj med heilnorske «Paddies».

Kvartetten har spelt saman i mange år allereie, men har lita erfaring frå Tysvær, sjølv om snart heile bandet bur, eller har budd her.
– Me ser sjølvsagt fram til å spele i Tysværtunet. Dette konseptet har me sansen for. Til nå har det gått litt i rykk og napp når det gjeld spelejobbar, men det er etter kvart ikkje mange stadar i Haugesund me ikkje har spelt. I tillegg har me vore på «Rootsen» i Vikedal tre gonger. Tidleg i bandet sitt lange liv spelte me også fast i Skånevik, smiler Roy Arne Tollaksen som står oppført på vokal, bodhrán, sjarm.
Trond Olav Lønning tar seg av vokal, gitar, banjo, bouzouki, mandolin, munnspill og diverse. Atle Jordal Håheim kan skryte på seg vokal, gitar, bass, mandolin, fele og diverse. På mandolin Marthin Håvardsen.

Typisk irsk
– Kva type konsert får me servert?
– Det blir ein fin halvtime med typisk irsk folkemusikk. Eit par rolege songar har me også funne plass til, men dette er stort sett tradisjonell musikk, slik så mange har begynt å like. Irsk musikk blir ofte spelt på pubar som bakgrunnsmusikk, men har mange flotte tekstar det kan vere lurt å lytte litt til. Eg trur folk vil like musikken, seier dei fire i «Paddies».

Plate
Til nå er det lite av musikken deira som er festa til nokon form for tape. Det blir mest live.
– Me har vel planar om å gjere noko i studio ein dag. Har i alle fall låtar nok til det. Me laga oss ein singel ein dag, men det trur eg me kallar for eit prøveprosjekt. I dag er det lettare å få spelt inn musikk enn det var den gongen me starta. Så kanskje ein dag så kan du sette på ein «Paddies»-CD, seier Roy Arne Tollaksen.
Bandet har flytta på seg geografisk sidan starten då ein kunne kalle dei eit Sveio-band. Nå er det Padlane, Falkeid og ein oppvekst på Førland som står på CV-en.
– Me elskar å spele denne typen musikk. den får publikum i god stemning med ein gong, og det er mykje entusiasme i den. Å få komme heim og servere dette til lunsj skal bli både kjekt og litt spennande. Me håper både nye og gamle venner tek turen neste fredag. Det hadde vore stas. Me skal gi alt og det brukar å vere akkurat det folket vil ha. Er vel ikkje kvar dag at irske folketonar er å høyre i kulturhuset heller, avsluttar kvartetten som går på scena klokka 11.30, i dag fredag den 19. oktober.

Lunsjkonsertane er gratis og er eit samarbeid mellom Tysværtunet kulturhus og Tysvær Bygdeblad.