Etter ein treg start på sesongen har ikkje juniorlaget til Skjold tapt i serien eller cupen sidan tidleg i vår. Laurdag om ei veke spelar dei semifinale  i OBOS-cupen.
Skjold er klar for semifinale i OBOS-cupen.

Skjold-juniorane i semifinalen i OBOS–cupen

Etter ein treg start på sesongen har ikkje juniorlaget tapt i serien eller cupen sidan tidleg i vår. Laurdag 20. oktober klokka 15.00 spelar dei semifinale på heimebane.

Innsendt innlegg:
Cupen er for lag frå 1. divisjon og nedover og rett nok er det ikkje så mange lag med, men laget er i semifinale takka vere ein sterk borteseier mot Viking. Viking leia 2-0 til pause men det blei snudd til ein flott 5-2 seier etter mål av René Wiklund 2, Thor Ødegård og Håvard Hetland 2.
Laget har óg gjort det godt i serien i haust men kan ikkje ta igjen Ølen som er på toppen. Satsar likevel på å slå både Ølen og Haugar i dei to siste kampane. Sjølve juniortroppen er ikkje stor, difor har det vore eit flott samarbeid med G 16 både på trening og kamp, slik at det har vore ei fin treningsgruppe og ein god kamptropp. Mange av spelarane har óg fått trene med A-laget i ei fin hospiteringsordning. Mange gode treningsvillige unge spelarar i Skjold for tida. Kaptein Åsmund Håheim seier at det har vore kjekt å spele på juniorlaget denne hausten og at dei satsar på å vinne cupen. Han seier at dei spelar fin offensiv fotball og at det alltid er mange mål i kampane, så få får me sjå på neste laurdag om det fortset. Laget har hatt ein fin utvikling og han er spesielt fornøgd med at forsvarspelarane er gode ballspelarar som bidrar offensivt.
Trenar Lars Helge Kvinnesland og oppkvinne Mari Ødegård er nøgde med laget og håpar at det kan bli finale. Trenar Lars Helge er spesielt nøgd med at han har hatt minst 15 spelarar på trening heile hausten og at laget er godt trent. Han trekkjer fram at alle spelarane har hatt ei fin utvikling gjennom sesongen og at fleire frå både G16 og junior har debutert på A-laget.
Då er det berre å lade opp til kamp på laurdag. Håpar at mange møter opp for å sjå semifinale på Kunstgraset i Grinde klokka 15.00. Det blir open kiosk og laget har målgaranti!