Dag Olav Husås , Thor Erik Helgesen, og Håvard Rasmussen i bandet «Ring Van Möbius» har laga filmmusikk som skal spelast live under Skrekkfesten i Tysvær.  Det er det mange som gleder seg til å høyre.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dag Olav Husås , Thor Erik Helgesen, og Håvard Rasmussen i bandet «Ring Van Möbius» er ute med en ny plate.

Spelar opp til skikkeleg skrekkfest

Vanlegvis treff du på Håvard Rasmussen i døra eller som teknikar på Tysværtunet. Under årets «Skrekkfest» skal han stå på scena og spele live til skrekkfilm.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Bandet «Ring Van Möbius» er verdt ein konsert i seg sjølv, men 25. oktober blir det ein konsert heilt utan om det vanlege for prorockbandet. Dei har nemleg laga musikk til filmen «Suspiria» (1977) av meisterregissør Dario Argento. Filmen blir vist med tekst, men utan lyd. – Lyd og musikk skal me ta oss av. Me visste nok ikkje heilt kva me tok på oss då me takka ja til dette, men kjekt og interessant har det vore. Nå er me straks i mål, og det bør me vere, for det nærmar seg, smilar trioen i bandet.
Thor Erik Helgesen, vokal og diverse tangentar, og Dag Olav Husås bak trommene utgjer trioen saman med Rasmussen, som tar seg av bass og diverse, skal ein tolke bandet si fordeling av oppgåver.

– Tøft
Trioen har invitert Bygdebladet på ein eksklusivt visitt i øvingslokalet i Vedavågen. Heile rommet ber preg av -70-talet og på ein platespelar surrar og går ei vinylplate med umiskjenneleg progrock. Skinnsofaen er slitt og berer preg av mange lange kveldar og netter. Fleire trommesett er montert, og eit hammondorgel sug til seg merksemda til alle som kjem inn. «Vår» mann på bass sit og smilar. Bak han ser me at skrekkfilmen er sett på pause.
– Me kan godt spele for deg, men ikkje frå filmen. Den skal vere eksklusiv på «Skrekkfesten». Filmen var faktisk med på den aller første festivalen til Øystein (Simonsen) i 2012, men dette blir noko heilt anna. Det blir ein miks av skrekkfilm og konsert, noko som ikkje mange har gjort før oss, seier Rasmussen.
– Fortel litt om korleis bandet har jobba fram musikken.
– Me har sett filmen ein del gonger, kan du trygt seie. Så kom det nokre stemningar her og melodilinjer der. Tema kom etter kvart og det kjennast ut til at me har fått eit godt lydbilete. Det som gjer det spesielt er at me speler live, og det er ingenting som er playback. Me har ein del effektar og slikt, men dette er ein trio som skal få jobbe i ein time og 40 minuttar, smilar Thor Erik Helgesen.
– Det er såpass?
– Ja, lyden i filmen er slått av og me skal spele oss gjennom den, og skape magi. Håpar me. Me har ikkje lytta til originalmusikken fordi me ønsker å gjere noko heilt personleg. Det blir på ein måte ein konsert, men her har det som skjer på lerretet like mykje å seie. Me trur det blir tøft å mikse dette, smilar trioen.
Bandet, som har gitt ut ein singel og ei plate, har fått strålande kritikkar for dette. Under fjorårets progfestival i Haugesund debuterte bandet på scena. I fire-fem år har trioen øva saman og skapt si eiga hole på Karmøy.

Respons
– Me speler ein musikk der mange har ei meining. Progfolket snakkar med klare ord og ein får tydelege tilbakemeldingar. Heldigvis har me fått mykje positiv respons, og me tar med oss plateneutgivingane til Tysværtunet. Me ser på dette som ein unik sjanse til å komme oss vidare som band, seier Dag Olav Husås, og riggar seg bak trommesettet.
Bandet drar i gang ei låt, og vellyd fyller det gamle fryseriet. Hammondorgelet durar og går og dei tre ser lurt på kvarandre.
– Det handlar om samhandling. Det merka me spesielt då me begynte med filmmusikken. Me satt og kikka på filmen og så kom ein av oss opp med ein idé. Så prøvde me ut den, og det som «funka» bygde me vidare på. Så ein kan trygt seie at mykje av musikken til filmen er bygd opp bit for bit. Det er også ein fin måte å vere kreativ på. Alle kan komme med sine tankar, og så utfyller me kvarandre musikalsk, seier Rasmussen.
Tysvær skrekkfest blir arrangert av Tysvær kino 26.-28.10 for sjuande gong. Det er inga tvil om at konserten/filmen med «Ring Van Möbius» vil bli ein av snakkisane.
– Me håper sjølvsagt det. Konserten blir forresten en «blackbox» på scena i storsalen. Der er det plass til ein del folk, og dei skal me garantere får ei filmoppleving dei aldri har fått før. Me gleder oss, og det håper me at mange andre gjer også. Kanskje nokre frå progmiljøet får sansen for skrekkfilm?, spør dei tre musikarane i bandet med den kule turnébussen og det originale namnet «Ring Van Möbius».