Kondolerer

Bokn er i sorg. Tapet av to av kommunen sine beste menn går hardt innpå dei som bur på øya rett sør for oss i Tysvær. Det er uforståeleg, vanskeleg og vondt på mange måtar. Og det er ei sorg det er lett å dele.

For me bur på ein liten stad, der sjø og fiske er ein naturleg del av det å vakse opp, og å leve her. Difor er det mange som etter ulykka med «Jøsenbuen» nå har tunge dagar.
Kurt og broren Arvid Jøsang har saman med familiane sine sett spor etter seg også i vår kommune. Gjennom verksemda som hadde utsal i Slåttevik, gjennom engasjement i mellom anna Falkeid IL, og som gode støttespelerar i heimkommunen på Bokn.

Nå skal samfunnet der sør gjennom ein tung periode, der støtte frå alle kantar av Haugalandet nok er god medisin i ein elles håplaus kvardag.
I denne kvardagen vil også tankane gå til dei hundrevis som etter at meldinga kom om forliset, kasta seg i bilar og kjørte i retning av søre Bokn. I eit forferdeleg vêr leita dei etter fiskerane, båten eller spor frå det som hadde skjedd. Fleire av dei ungdommar i frivillige organisasjonar, som ein sein laurdagskveld brukte lommelykt og sin eigen stå-på-vilje for å gjere ein skilnad. Nokre var heime og sov eit par timar før dei møtte opp igjen. Time etter time.

Lokalbefolkninga gjekk mann av huse og leita. I kvar ei vik og bak kvar ein holme. «Alle» ville vere med og vise at på Bokn der står me saman i tjukt og tynt. Det offentlege gjorde sine grep og viste at me har komme lagt også i slikt arbeid. Redningsteam blei sendt ut, det var fly i lufta og større skip på fjorden. Kriseteam blei satt og ordføraren strama seg opp så godt han kunne, og leia folket så godt det går ann i ein slik situasjon.
Difor var det godt å få meldinga om at den siste av dei to menna blei funne måndag kveld. Å måtte gå inn i mørke haust- og vinter månadar med ein sakna på sjøen ville vore ei umenneskeleg tung påkjenning.

Nå strøymer kondolansane inn og samstundes blir det sendt takk tilbake. Til alle dei som stilte opp, fysisk eller gjennom anna støtte denne forferdelege helga.

Ein får aldri brødrane tilbake, men for dei etterlatne og lokalsamfunnet må det vere eit trygt og godt bakteppe å vite at så mange bryr seg. I slike stunder er det noko godt med oss menneskjer.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør