– Våre tilsette med lang fartstid i H&E og med solid fagkompetanse er ein trygghet for både oss og våre kunder, seier dagleg leiar i Haakull & Ersland Espen Vestbø.
– Våre tilsette med lang fartstid i H&E og med solid fagkompetanse er ein trygghet for både oss og våre kunder, seier dagleg leiar i Haakull & Ersland Espen Vestbø.

Haakull & Ersland AS fyller 30 år

Haakull & Ersland AS er eit solid byggmesterfirma med 20 ansatte i alle aldrar og er lokalisert i Skjold.

PRESSEMELDING: – No kan bedrifta feire heile 30 år i bransjen. Sidan starten i 1988 har bedrifta utført større og mindre byggeprosjekt rundt heile Haugalandet, skriv dei i ei pressemelding.

Byggmesterane Haakull & Ersland slo seg saman for 30 år sidan. Målsettinga var å kunne satse meir på større byggeoppdrag, i tillegg til eksisterande oppdrag. Etter nokre år blei det behov for for meir kontor og lagerplass, og i 1997 kjøpte vi lokalene vi held til i dag.

– Våre tilsette med lang fartstid i H&E og med solid fagkompetanse er ein trygghet for både oss og våre kunder, seier dagleg leiar i Haakull & Ersland Espen Vestbø, og peikar på at framtida blir minst like spanande for bedrifta som åra som no ligg bak dei.

Bedrifta har spesialisert seg på nærings – og kontorbygg, rehabilitering og ombygging. Dei har kundar over heile regionen, mange av prosjekta er i Haugesundsområdet. Nett no arbeider dei blant anna med ombygging av Haugesund bibliotek, utbygging på Haugesund toppidrettsgymnas, Ølen brannstasjon med meir.
Firmaet har også lang erfaring som ei attraktiv lærebedrift for lærlingar i regionen, som regel har dei inne ein til to lærlingar, som alle får prøve seg på dei fleste arbeidsoppgåvene på ein byggeplass.

Framover ynskjer bedrifta å styrke posisjonen sin som eit naturleg val tømmerentreprenør, men også som ei bedrift som kan tilby større hovedentrepriser og totalentrepriser for større prosjekt.
Med ein solid gjeng med fagutdanna tømrere i ryggen ser Haakull & Ersland lyst på dei neste 30 åra i byggebransjen. Me trur våre kunder setter pris på vår fagkompetanse, fortel Espen Vestbø.