Den ungdommen, altså…

Ungdommen i Tysvær har fått spalteplass igjen. Litt ironisk at det skjer etter ei helg der det har vore fleire flotte ungdomsarrangement både i Aksdal og på Frakkagjerd.

For der det på den eine sida blir arrangert både konsertar og LAN, har samstundes dei som berre er ute etter å feste klart å lage så mykje støy at politiet nå åtvarar mot ein ukultur som inkluderer både alkohol og narkotika.

La oss sjå litt på denne ukulturen først. Det er blitt ein trend at ein ikkje lengre heng gatelangs i Haugesund. Mange har spurt etter ungdommane og kva dei gjer på. Svara har vore at dei møtest heime, og er på nettet. Det er spel og det er chatt. Samstundes har både me og politiet jamleg fått melding om festar, fyll og bråk. I søre-Tysvær og i ytre strøk. Om det er meir eller verre enn før kan alltid diskuterast, men det er svært positivt at både politiet og skulen nå tar dette på alvor. Den største utfordringa knytt til dette er å fange opp «bakmenna», dei som forsyner denne gjengen med drikke og stoff. Det er eit landsskap som politiet må prioritere, og der skulane også er ein viktig bidragsytar.

La oss håpe at helgas oppslag får dei vaksne til å ta ein samtale med sine ungdommar, og at slike hendingar som me les om blir unnataka.
For som sagt er det ironisk på mange måtar. Samstundes som politiet la ut melding om fyll og bråk på Frakkagjerd var omlag 100 ungdommar på LAN på ungdomsskulen. Eit fantastisk arrangement organisert av ein gjeng gutar i 9. klasse. Med ivrige føresette som vaktar, og god dialog med både skulen og politiet.

Sist fredag var det CHAOS i Tysværtunet. Eit variert og spennande opplegg for ungdommar. Også her berre strålande tilbakemeldingar om ungdommar som hadde det kjekt saman, og som fekk oppleve både gode føredrag på dagtid, og ein heftig konsert på kvelden.
Som om ikkje det var nok bidrog idretten med drillfestival i Steinsvik Arena over to dagar. Ungdommar frå 10-11 år og oppover imponerte stort framføre eit stort publikum.

Med dette bakteppe blir «fyllefestane» rett og slett berre kleint. Ikkje la dei som vel dette alternativet få styre korleis oppfatninga av ungdommen i Tysvær skal vere.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør