Godkjent frå Eikje

Tysvær sin nye rådmann Sigurd Eikje leverte eit budsjettforslag akkurat som venta. Det skal bli dyrare å bu i Tysvær, og fellesskapen skal betale for veksten som ein dag kjem.

Det blir dyrare å bli eldre og kjøpe tenester i kommunen. Det skal satsast vidare på aktivitetstilbod til barn og ungdom gjennom støtte til utbygging både for hestesport og innomhus idrett på Troppene. Også fotballen i Stegaberg har fått sin venta plass i forslaget til Eikje.
Det er alltid nokre lause trådar i eit slikt framlegg, trådar våre lokalpolitikarar nå kan ta tak i. Det begynner å dra seg til mot valkampen i 2019, og gode valprogram skal nå spikrast. I budsjettforslaget, dei sjølve skal godkjenne i desember, er det rom for litt valkampsaker av viktig lokaldemokratisk karakter.
På side tre i dagens avis kan ein lese om eit jordmortilbod som lever på lånt tid. Eit tilbod som i dag er så bra at Tysvær blir nemnt når fagfolk møtest og vurderingar av det totale helsetilbodet blir trekt fram. Eikje hadde ikkje dei millionane som dette prosjektet treng for å bli permanent. Det kan lokale politikarar gjere noko med.
Ei anna sak det hadde vore spennande å sjå politikarane sjå nærare på er fellesskapen si innbetaling til den «vann»-vittige, og trengte oppgraderinga av VAR-systemet i Tysvær. Me treng vatn og me treng kloakk. Men den varsla auken i kommunale gebyr over tid, verkar å kunne skremme vekk eventuelt nye innbyggarar, og i tillegg vitne om eit prosjekt som ikkje kan ha hatt den optimale økonomiske styringa frå starten av. Når ein aukar med 15 prosent i ei avgift, kan ein ikkje stå rakrygga å fortelle innbyggarane at dette har me hatt som plan heile vegen.
Eg kan ikkje hugse det er parti som har tatt til ordet for denne auken i dei kommunale avgiftene, som for mange kjem på toppen av innføring av maksgrenser for betaling ibarnehagar og SFO.
For er det slik at Tysvær nå må innføre maksgrenser på alle avgifter, innføre meir eigedomsskatt på sikt, og leite med lommelykt i kvar ein krok for å finansiere alle sine gjennomførte, og planlagt utbyggingar, ja då har dei eit problem, slik eg ser det. I alle fall om dette skal vere ein kommune der det er godt å vere og godt å leve.
Nå skal dei seiast at årets budsjettframlegg på mange måtar er edrueleg og i den gata som dei siste års budsjett har vore. Økonomisk rustar kommunen seg for framtida, men det er verdt for ivrige lokalpolitikarar før eit val, å kikke litt bak ein del av desse tala.
Kva skal Tysvær bruke pengar på i framtida, og korleis skal dei skaffe pengane?
Det er interessant på mange måtar i ein liten kommune. Rådmannen har gitt oss signaler, han har i utgangspunktet gjort ein god jobb. Så er det opp til dei som styrer å gjere dette nærast mogleg perfekt før «julamøtet».

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør