Dirigent Carl Nilsen og Nord-Rogaland Symfoniorkester skapte skyhøge forventningar etter øvinga på tysdag.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dirigent Carl Nilsen og Nord-Rogaland Symfoniorkester skapte skyhøge forventningar etter øvinga på tysdag.

Kan bli tidenes konsert

Nord-Rogaland Symfoniorkester og «Det Betales». Hele Beatles-katalogen og over 50 musikarar på scena. I morgon kan me få ei av tidenes lokale konsertopplevingar i Tysværtunet.

Det er inga tvil om at karane i The Beatles har etterlagt seg ei musikkarv som det er freistande å leike med. Med dirigent Carl Nilsen i spissen har Nord-Rogaland Symfoniorkester leigt noter frå kollegane i Trondheim, og jobba med Beatles-låtar ei god stund nå. I morgon går dei på scena med coverbandet «Det Betales». Rundt i verda finnest det ei rekke med Beatles-kopiar. Eit av dei beste banda er altså norsk.
– «Det Betales» har eit svært godt namn og serverer det beste frå The Beatles på ein suveren måte. Til oss kjem dei og har konsert saman med Nord-Rogaland Symfoniorkester. Det kjem til å bli enormt. Me reknar med et skikkeleg trykk. Tenk deg det beste av Beatles med fullt symfoniorkester, gliser kulturhusleiar Øystein Simonsen.

Trykk i salen
Me var så heldige å få vere med på ei av dei siste øvingane før konserten. Og om du har vore i salen og høyrt eit symfoniorkester spele, og kjent på trykket, ja då veit du kva som kjem. Å stå ein meter frå fiolinrekka i ein gymsal, var enormt. Det gjekk i «Penny Lane», «A day in your life» og «Strawberry fields forever».
– Det begynner å komme seg nå, og Carl har gjort ein god jobb. Me har gjort ein del spennande jobbar før, men slik eg vurderer det er dette noko av det tøffaste. For ein musikk å ta tak i. Det er melodiøst og arrangert akkurat slik «beatelsane» såg det føre seg. Det er eg sikker på. For dei var ikkje redde for å dra inn verken strykarar eller blåserar i sin musikk, seier Bernard Gismervik i Nord-Rogaland Symfoniorkester.
– Kva songar har ein plukka ut?
– Heilt ærleg så veit eg faktisk ikkje. Eg veit kva me skal vere med på, og så har eg høyrt litt ryktar. Det eg kan love er ein hitparade både med oss og bandet, så er trur eg ingen går skuffa heim. Det er eit visst fokus på «Abbey Road» og «Sgt. Pepper´s Lonely Hearts Club Band». Folk har spurt etter «Yesterday» og «Let it Be», og dei kjem, smilar Gismervik.
Me har snakka med ein del Beatles-fans og dei er samde i at dette er godt innafor. «Det Betales» har gjennom mange år spelt og imponert med sine Beatles-tolkingar.
– Det er dei som likar det reine rockebandet som slo gjennom, men minst like mange likar best det meir pompøse og melodiøse dei gav ut mot slutten. Eg trur dette blir ei fin blanding. Og det beste av alt er at ein ikkje treng å ha kunnskap i det heile tatt. Dette blir ei fantastisk musikalsk oppleving uansett kva band ein likar best. Det kan eg faktisk love, seier Gismervik, som også mange kjenner att frå
MUNOR.
Og det er ein del kjenningar også frå Tysvær i symfoniorkesteret som har øvingar på Breidablikk skole i Haugesund.

Garanti
«Det Betales» har stort sett fått seksarar dei få gongene dei har spelt med fullt symfoniorkester. Og bandet gleder seg til turen til Tysvær.
– Me i «Det Betales» ser frem til å samarbeide med Nord Rogaland symfoniorkester i morgon. Me har tidlegare spelt samen med Trondheim Symfoniorkester, og det var utruleg flott. Det er ei heilt eiga kjensle å framføre låtane til «The Beatles» samen med symfoniorkester, og mange av låtane er laga og arrangert for slik besetning. Eg kan love publikum ein skikkelig festaftan med dei største slagerane til The Beatles, og me kan love musikalitet, allsong, energi og masse humor, seier Tor Henning Olsen i bandet.
Sist det var noko liknande i Tysvær, var då «Vamp» hadde med seg «KORK» i Steinsvik Arena. Då møtte det opp fleire tusen og terningane hagla med seksarar. Vel, tida er komme for ei ny stor oppleving. Me har vore på øving med symfoniorkestert, og gjekk og nynna på «Penny Lane» i fleire dagar etterpå…