Else Olsen S. er pianist, komponist og kunstnarleg forskar.
Else Olsen S. er pianist, komponist og kunstnarleg forskar.

Mormor, mat og andakt

Salmar på preparert piano og sterke historier frå ei faren tid. bLEST inviterer til ein annleis ettermiddag, for både dei spesielt interesserte og for heile familien.

Det blir emissærmiddag, kaffi og kaker, lansering av kunstbok og framføring av eit nytt musikkverk. Boka Mormor, mat og andakt reiser på turné og kjem til Tysvær og Aksdal kirke, søndag. Gjennom både gode og vonde historier, oppskrifter, biletkunst og eksperimentelle salmar på preparert piano møter du 100 år av Johanna Askeland (f.1917) og vestlandskvinna sitt liv. Johanna er vokst opp i tidl. Søre Skjold, og er fastbuende på Aksdal.
Og berre så det er forklart; Preparert piano: Små skruer og boltar blir sett mellom strengene på pianoet for å manipulera lyden, som laga eit anna instrument med ein anna lyd.

Mormor, mat og andakt er eit kunstprosjekt av og med pianist, komponist og forfattar Else Olsen S., saman med biletkunstnar Caroline Ho-Bich-Tuyen Dang. Ho har nytta mormora si, Johanna Askeland, som kjelde i prosjektet, som skildrar eit djupt religiøst livssyn, takksemd, nøysemd og det og sjå seg sjølv i eit større bilde gjennom tekst, illustrasjonar og musikk.
Else Olsen S. presenterer små, kontekstuelle historier frå boka, knytt til bedehusmiljøet og tida frå 1940-70-talet. Dette er ei husmor og bondekvinne sine eksistensielle refleksjonar i sitt 101. år.
Prosjektet formidlar også ein del av identiteten vår på Vestlandet, og korleis me kan sikra etterkomarane våre kunnskap om denne kulturen, den pietistiske og oppofrande haldninga til livet, gjennom eit kunstnarleg og engasjerande tilsnitt.

Musikken dreier seg om kunstnarleg formidling av den gøymde og gløymde bedehussjangeren (salmar frå ca. 1900-1960), som har vore viktig i bedehusmiljøet på
Vestlandet, men i verket Mormor, får høyrast gjennom vår samtid, i nye og eksperimentelle variasjonar.
Oppskriftene, tillagingsmåtane, kunnskapen og erfaringa som bur mellom fortida og notida vert reflektert over i boka. I dag går vår generasjon i butikken og kjøper billig kyllingfilet til middag, utan nokon vidare tanke eller ansvar for dyret som blir næringa vår.
Når Johanna skulle laga hønsefrikase til middag, måtte høna først veljast ut i hønsehuset, slaktast, og deretter flåast. Det var ein mykje lengre og tidkrevjande prosess før maten var klar. Samstundes følgde det alltid bordvers eller ei salme før maten og takkevers etter maten. Ofte var måltidet også etterfølgd av andakt. Til oppskriftene i boka følg det ikkje noko vinforslag, men i staden gjer lesaren ei tilrådd salme.

Fakta

Else Olsen S. er pianist, komponist og kunstnarleg forskar, utdanna frå blant anna Norges
musikkhøgskole, og gjennom eigenstudiar med dei amerikanske komponistane Pauline Oliveros (1932-1916) og Christian Wolff (f.1934).
Else Olsen S. arbeider med eksperimentell musikk, og blandar gjerne inn andre sjangrar, som t.d. bedehusmusikk, i sin musikk. Alternative speleteknikkar og preparert piano er ein viktig del av hennar utøving.