Jonas Kåre Wohlgemuth Wergeland er årets namn i Skjold. Han vann vår spelarbørs på ein suveren måte. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Jonas Kåre Wohlgemuth Wergeland var årets navn i Skjold i fjor. Nå er han på vei til Djerv 1919. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Jonas Wergeland er «Årets spelar»

Jonas Kåre Wohlgemuth Wergeland er årets namn i Skjold. Poengplukkaren frå Bergens-traktene kom, vann og planlegg eigentleg å forsvinne vekk igjen. Men ikkje før til sommaren.

Skjold feira seg sjølv på klubbhuset sist helg. På festen var det også plass til å dele ut vår pokal. Og ein meir suveren vinnar enn i år, er det lenge sidan me har hatt.
– Eg er sjølvsagt både stolt og glad over å vinne ein slik pokal. Skjold er ein fin klubb med mange gode spelerar, og det å komme utanfrå og hente heim ein slik pokal, er stor stas. Men å vinne den på nytt blir vanskeleg, smiler Wergeland.
For 21-åringen har planar om å studere juss til neste haust og det skjer ikkje på Haugalandet.
– Nei, det blir nok med ein halv sesong til. Men då skal me ligge betre til enn det me gjorde denne sommaren. Eg trur det gjekk opp for oss for seint korleis me hadde rota det til, og det prega heile sesongen. For det har eigentleg ikkje vore så gale. Skjold var i 1. runde i cupen, vann OBOS-cupen og klarte til slutt å komme greitt opp på tabellen. Men me kom i det media kallar «nedrykksstriden», og det blei stress, seier Wergeland.

Ikkje nøgd
Då han kom til Skjold i vår var cupjubelen stilna og Skjold sleit med å få trepoengerar. Sjølv om mange meinte det var viktig å få på plass robuste Wergeland er han ikkje heilt strålande nøgd sjølv med innsatsen.
– Eg kom inn på eit tidspunkt der det var ein del viktige spelerar som var skada, og der nye forsvarsspelerar var viktige å få på plass. Eg har spelt på det jamne og det har kanskje blitt lagt merke til.
– Men det er mange toppkarakterar på spelarbørsen din?
– Ja, det er det, og eg er ikkje misnøgd med meg sjølv. Ikkje slik å forstå, men eg har hatt mine mørke stunder eg og.
– Som til dømes?
– Eg la vel til rette for Hundvåg-poeng med ein forferdeleg involvering, og det blei ein skåring i mot, som me faktisk fekk svi for ei stund.
– Men 5,67 poeng i snitt på 18 kampar fortel vel at du har gjort jobben?
– Joda, det er strålande. Eg tenker det blei tommel opp totalt sett i 2018, seier Jonas Wergeland.
Han vann framføre ein annan Jonas (Risanger), som hadde eit snitt på 5,33 på akkurat like mange kampar.

Media
Wergeland har spelt nokre få kampar i både Brann og FKH, og kom frå Nordhordland til Skjold.
– Det som er fantastisk med å spele i 4. divisjon og Skjold er all merksemda me får i media. Trur det er mange som er misunnelege både på spelarbørsen og dekninga me får lokalt i Bygdebladet. Men me har også vore mykje i dei andre kanalane her, så Skjold er heldige. Den marknadsføringa er det ikkje mange som får på dette nivået. Det er vel knapt nok same dekninga i verken 3. eller 2. divisjon mange stader, seier Wergeland.
Hans far, som er ein ivrig supporter, er også imponert.
– Ja, han er fast lesar, og han er svært imponert over alt som står om oss. I tillegg er det flott at unge spelerar får oppleve dette, noko som ein lærar mykje av. Blir eg på Haugalandet er det eit alternativ, og det er Skjold IL, som er ein fantastisk klubb, seier «Årets spelar».
Hettervik
På den same årsfesten blei det gitt ut ein del utmerkingar til a-laget frå klubben også.
– Det var ein flott fest der ein del av spelerane fekk sine fortente utmerkingar. Sander Hettervik blei av Skjold kåra til «Årets spelar» og han var også toppskårar i år. Også Marco Passera fekk ein pris, det same gjorde Vegard Steinsland. Internt i a-laget blei det gitt pris til Jonas Staurland, seier Wergeland.
– Kva pris var det Jonas fekk?
– Ein internpris…
– Og det kan du ikkje seie så mykje om?
– Var vel ein typisk Jonas-pris. Mykje godt humør og mykje «galskap» rundt han. Me treng slike i laget.

2019
Årsfesten handla mest om det som har skjedd, og lite om det som ventar. Men litt nyhende kom fram over pinnekjøt og noko godt å drikke.
Siste ord om Hana-kampen ser ut til å bli at den skal spelast førstkommande måndag klokka 19.00. Marco Passera skal til USA, og håper at alt fell på plass, slik at han kan sette kursen «over dammen» allereie i januar.
Ei rekkje av spelerane på a-laget er ønska av andre lokale klubbar, men ingen har per i dag sagt ja til det. Og dei som er nemnt får eit råd på vegen av «Årets spelar».
– Dei bør tenke seg godt om, for den merksemda dei får i Skjold er nok maksimalt av det dei vil få som fotballspelerar. Å vere ein del av miljøet i denne klubben trur eg dei skal nyte, framfor å søkje etter eit nytt. Er det nokon som er gode nok for eit høgare nivå, så joda. Men heilt ærleg så er vel ingen av oss der akkurat nå. Men i framtida kan me få ein ny Håvard Nordtveit eller Alexander Søderlund. Talent finst i massevis, avsluttar alltid like sympatiske og smilande Jonas Kåre Wohlgemuth Wergeland.