Takk for i år

Fotballsesongen 2018 er over og tusenvis av fotballspelerar og supporterar i Tysvær har tatt seg nokre veker med pustepause.

Eller… Heilt stopp er det aldri. På vestlandet er fotball nummer 1 idrett året rundt.
For Tysvær Bygdeblad er fotball viktig. Det er ei stor lesargruppe, men også ein treffstad der me møter folk som er opptatt av andre ting i tillegg til sporten, som er det viktigaste av det uviktige.
For fotball er også ein arena for fellesskap, utvikling, fair play og læring. Av og til ser ein at mange av elementa blir ein «støyfaktor» i det som det for mange eigentleg handlar om. Nemleg å bli svært god i ein vanskeleg sport.
For sjølv om Skjold-kampar lokkar tusenvis til nettsidene våre, og «alle» gleder seg over framgangen til damefotballen i Tysvær, er det langt mellom dei sportslege toppresultata.
Me hadde Alexander Søderlund i fransk toppfotball og på landslaget. Sist helg blei han seriemeister med Rosenborg, men den elles så smilande Alexander har ikkje smilt så mykje som vanleg denne hausten.
Me tar det me får, brukar eg å seie når andre som driv med lokalavis spør korleis det er å lage sportssider utan eit topplag. Og det me får er haugevis med lokale spelerar som kvar einaste dag jaktar på mål og gode opplevingar på banen. Me har lag i alle divisjonar frå 3. til 7. divisjon. Me har hundrevis av ungar som speler i aldersbestemt fotball. Og ikkje minst har me haugevis med vaksne som kveld etter kveld, på dugnad, prøver å lære frå seg fotballen sin ABC. Fasinerande og fantastisk på kvar sin måte.
Eg vil summere fotballåret 2018 med å hylle to av dei gruppene eg har møtt på sidelinja denne sesongen. Skjold-spelerane og supporterane til alle laga som eg har sett.
Skjold har med berre unnatak vore «vår» toppklubb dei siste 15 åra. Dei andre to som har snusa på den tittelen, Stegaberg og Falkeid, har berre yppa seg. Det er noko med denne gjengen i gult som fasinerer. Både meg, men også journalistar frå andre media. Det er ikkje få kampar der eg har hatt presskorps ved sidan av meg i Grinde. Kvifor?, kan ein spørre, men det må vere noko med miljøet i og rundt a-laget. Det gjekk i berg og dalbane denne sesongen, men likevel har me hatt det kjekt.
Så er det alle dei som møter opp. Mor og far, familien og venner. I regn, tåke og blest. Det betyr heilt sikkert noko for dei å stå på tribuna på Nedstrand eller på Frakkagjerd og heie. Ein skal vite at slikt merkar spelerar seg. Og det bygger eit samhald som gjer at stadig fleire blir fanga opp av fotballfamilien.
For fotballen har ein stor familie, der alle er like viktige, frå ytre venstre til ballgutane bak mål. Frå mor og far til ein kjærast som heng på gjerdet og smiler lurt. Om fem-seks månadar startar seriekampane opp igjen. Før det skal det trenast og spelast treningskampar.
Me gleder oss til 2019.

Alf-Einar Kvalavåg
redaktør