Ordførar Sigmund Lier inviterte til fokusveke i Tysværtunet. To av gjestene var Kjersti M. Holta og Jarle Holseter.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ordførar Sigmund Lier inviterte til fokusveke i Tysværtunet. To av gjestene var Kjersti M. Holta og Jarle Holseter.

Fokus på seksuelle overgrep og vold

Denne veka har Tysvær kommune fokus på kompetaseheving innan vanskelege fagområdet.
Det trengs i ein stadig tøffare kvardag.

Ein av gjestene er Jarle Holseter i foreininga «Utsattmann». Han fekk tid til å fortelle fagfolk og andre interesserte, si historie rett frå levra. Usminka fortalte han om korleis samfunnet må fange opp og oppdage barn, unge og vaksne som er utsett for seksuelle overgrep og vold.
– Først av alt må eg få lov til å skryte litt av Tysvær, for dette har dei tatt tak i. Å ha ei slik veke kvart år vil gi dei ein kompetanse som på mange måtar er unik. Nå fekk kommunen sjølvsagt press på seg etter den mykje omtala «lærarsaka», men det arbeidet som er gjort her står det respekt av.
– Kor viktig trur du det er å at ein som har kjent dette på kroppen er ein del av ein slik fagdag, der alt frå helsepersonell, via skoletenesta og politiet, er til stades?
– Eg veit det betyr ein skilnad for mange. Nå får dei høyre min fortelling, som også handlar om kva vår foreining jobbar med til dagleg. Nå i pausen er det fleire som har vore borte her å takka meg, og det synest eg er godt. Men dette er eit tema som må haldast varmt, og når ordføraren seier til meg at dette skal me ha fokus på kvart år, ja då blir eg rett og slett glad. Dette er eit fokus som ein må ha heile tida, og ikkje berre i skippertak.

Viktig
Eit av tiltaka i Tysvær kommune sin «Handlingsplan mot vold i nære relasjonar» er å arrangere ei fokusveke med kompetanseheving om seksuelle overgrep og vold.
I løpet av veka vil alle avdelingar i kommunen gå gjennom rutinar og lovverk knytt til seksuelle overgrep og vold. I tillegg vil det arrangerast to fagdager og eit kveldsarrangement med føredrag frå både fagpersoner og personer som har vore voldsutsette.
– Dette er viktig for oss som jobbar med slike tema i kvardagen. Denne blandinga av fagfolk og overgrepsoffer som Jarle, gjer at me får oppdateringar som me kan nytte oss av. Eg personleg meiner eg har svært mykje igjen for å vere til stades på slike fagdagar, seier Kjersti M. Holta i PPT.
Både tysdag og onsdag var det tettpakka program og mange hadde funne vegen til Tysværtunet.