Dette står å lese i Bibelen, som er grunnlaget for vår kristne kulturarv.
Kva er då ein liten gut som blei riven vekk frå sitt trygge liv med sine nærmaste, i Norge, i fredstid ?
Kva er då ei ung jente som blei sendt langt avgårde til framande folk der ingen forstod korleis ho hadde det, i same landet, i same tidsepoke ?
Har dei spurt seg om det, dei som i sine maktposisjonar gjorde dette, som i ettertid blir kalt feil ?
Har dei forstått at den feilen dei gjorde, førte til store smerter og forstyrrelser i dei unge livene det gjaldt ?
Har dei nokon som helst forståelse for kva desse gjerningane medførte for foreldra til desse unge ?
Nå er det snakk om gjennomgangar, rapportar, åpenhet og meir til. Til og med ordet ydmykhet er nevnt i ein rapport.
Det står ikkje å lese at nokon av dei har bedt om tilgivelse ovafor barna eller foreldra.
Jesus sa: ”Far, tilgi dem, for de vet ikke hva de gjør”.
Når flomlysa er slått av, når makta er tilbake i kvardagen, når rapportane er lagt bort.
Då kan kanskje nokon prøve å forklare maktmenneska kva dei har gjort.
Då kan kanskje legedom koma i gong.
Vennleg helsing
Bjørg Mannes, medmenneske og psykologspesialist