Måndag denne veka hadde 1. trinn ved Nedstrand barne- og ungdomsskule si fyrste morgonsamling, og fekk gleda av å overrekkja ein sjekk til Ståle Anda, leder av Tumaini Home i Tanzania.

Det var 1. klassinagne som fekk gi gåva frå joggedagen. Foto: NBUS

48.000 frå Nedstrand

Måndag denne veka hadde 1. trinn ved Nedstrand barne- og ungdomsskule si fyrste morgonsamling, og fekk gleda av å overrekkja ein sjekk til Ståle Anda, leder av Tumaini Home i Tanzania.

av Alf-Einar Kvalavåg

Tumaini Home

Tumaini Home - et barnehjem og en skole i Tanzania.

Tumaini Home bringer håp til barn som lever i vanskelige og sårbare omgivelser. Hjemmet driver hovedsakelig med rehabilitering av fysisk-funksjonshemmede barn, etablering av arbeidsplasser for de som er ferdig med skole og støtte til utdanning for jenter som bor i fattige lokalsamfunn og er sårbare for tidlig ekteskap.

Heile 48.000,- klarte elevane å samla inn, og Ståle var imponert og svært takksam. Han viste bileter i frå barneheimen, og ein kunne lett sjå at pengane vil komme til god nytte for å hjelpa born i Tanzania, både for ein stad å bu og til skulegong.
Det var i oktober elevane ved skulen hadde joggedag og samla inn pengar.
– Elevane sprang runde etter runde, god stemning , fantastisk innsats og engasjement. Dagen starta med at 4. trinn informerte om barneheimen og skulen Tumaini Home, og ei felles oppvarming i gymsalen med Bli-med dansen. Tusen takk til Joker Hinderåvåg som sponsa elevane med bananar, viktig å få påfyll av energi for å yte maksimalt, skriv skulen i ei melding.
Og denne veka kunne dei stolt gi frå seg pengane til ei svært god sak.