Sigmund Lier inviterer til nyttårsmottaking på Tysværtunet 5. januar. Då blir det delt ut ein heil ny pris. «Tysvær Bygdeblad og Tysvær kommune sin friviulligpris for 2018.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Sigmund Lier inviterer til nyttårsmottaking på Tysværtunet 5. januar. Då blir det delt ut ein heil ny pris. «Tysvær Bygdeblad og Tysvær kommune sin friviulligpris for 2018.

Har fått gode kandidatar, men vil ha fleire

Når ordføraren inviterer til nyttårsmottaking på nyåret, vil det bli delt ut ein heilt ny pris. Til den som gjer det litle ekstra.

Den nye prisen har fått namnet «Frivilligprisen 2018» og er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysvær kommune. I juryen, som nå vil ha tips om kandidatar, sit ein ordførar, ein kultursjef og ein redaktør.
– Målet med prisen er at innbyggarane våre kan sende oss forslag på kandidatar dei meiner bør få ein slik pris. Me tar i mot tips både på enkeltpersonar og grupper eller foreiningar folk meiner gjer ein jobb utover det ein kan forvente. Med det meiner me blant anna at me ikkje er på leit etter dei som har dette som betalte jobbar, seier kultursjef Anders Netland.

5. januar
Prisen som skal delast ut under nyttårsmottakinga 5. januar skal vere ein pris som viser at det å gjere ein innsats blir sett pris på av samfunnet.
– Nå er det vel slik at mange av dei beste kandidatane heilt sikkert vil påstå at dei ikkje gjer dette for å vinne prisar eller stikke seg fram. Likevel vil me kvart år framover få lov til å heidre dei på denne måten. Og då passa nyttårsmottakinga perfekt. Der blir det også delt ut andre prisar, og ramma rundt er perfekt, seier Netland.

Stolt
Ordførar Sigmund Lier er stolt allereie før dei første kandidatane er komme inn.
– Ja, og det er ein av grunnane til at me opprettar ein slik pris. Eigentleg har eg eit knippe kandidatar allereie, for det hender rett som det er at eg får tips. Og det er ikkje slik at det er dei som har dei store prosjekta, eller som jamleg dukkar opp i avisene me først og fremst jaktar på. Me har også lyst til å få tips om kvardagsheltar, som i det stille utgjer ein stor forskjell for andre. Det å vere frivillig er eit bredt spekter av tiltak, og eg er stolt over alt det frivillige arbeidet som blir gjort i Tysvær kvar einaste dag. Nå må me berre få fanga dei opp, seier ein engasjert ordførar.

Viktig
For oss i Tysvær Bygdeblad er dette ein pris me har ønska lenge. Først og fremst fordi me, som ordføraren, nesten dagleg treff på det som nå må kallast gode kandidatar. Det er alle dei som tar eit tak, der andre ikkje har tid. Det er dei som med sine bidrag gjer ein forskjell i samfunnet. Me deler kvart år ut «Vekas juleengel» i Bygdebladet i desember, men det er kandidatar me vel ut sjølv. Nå er det innbyggarane og leserane våre som skal få velje.

Pris
– Dette skal vere ein pris som både skal heidre vinnaren, men også vere eit signal om at me legg merke til det gode arbeidet som skjer i Tysvær. Prisen, som også inkluderer ein gåvesjekk, håper me skal vere til inspirasjon også for mange andre. Så folkens, send oss dine kandidatar, seier Anders Netland.
I faktaboksen ser du både tidsfrist og adresser, nummer og liknande som kan nyttast.
– Det er ekstra fint om ein fortel oss litt om kandidaten ein ønsker å heidre. I tillegg til å vere gode kandidatar til å vinne prisen, kan det også vere god tips til personar me bør kontakte på ein eller anna måte, og ikkje minst som kanskje fortener ein plass i avisspaltene, avsluttar Anders Netland.

Frivilligprisen

Tysvær Bygdeblad og Tysvær kommunes
Frivilligprisen 2018
Skal delast ut under nyttårsmottakinga i kulturhuset 5. januar
Send forslag på kandidatar til:
[email protected]
[email protected]
[email protected]
Eller på Bygdebladet sine Facebook-sider
SMS til: 91811592
Eller på telefon til: 52 77 77 75