– Eg liker best å levere inn fire til seks kampar på Oddsen som ved gevinst gir ein skikkeleg premie. Under 40 i odds er for pingler, seier årets tippevinnar.
Og det stemmer nok godt med vinnarkupongen. I september hadde nemleg marknadsavdelinga i Bygdebladet funne fram heile seks kampar til vekas kupong.
– Eg måtte inn å sjekke ein tabell, men elles tok eg det litt på kjensla eg hadde fått gjennom sesongen. Stegaberg-siger heime mot Vats 94, siger til Stegaberg/Skjold-damene og ein sterk siger til Falkeid-damene var bankers. Tap for Skjold, Nedstrand og Falkeid var vel ikkje overraskande, smiler vinnaren.
Stort
Med ein stor sjekk frå Scandic Maritim sin f-and b-sjef Aslak Askeland som bevis var det ein nøgd Fjellstad me snakka med.
– Dette var stort og nå må me finne ut korleis me skal få mest muleg igjen for dette. Me har tre relativt små ungar heime, så ei barnefri helg og to står høgt i kurs ler han.
– Då har han komme til rett plass. Me kan garantere gode opplevingar både nå i nær framtid, men også på nyåret. Det er berre å gratulere, seier, Askeland.
Askeland viser stolt fram «nye» Maritim og kan fortelle om at fotballfolket har lagt sin elsk på hotellet i sentrum.
– Kan ikkje gå ut med namn på våre kundar, men kan seie så pass at fotballag, fans og andre som driv idrett har gitt oss gode tilbakemeldingar. Det er eg eg stolt av for det å legge til rette, er det me lev av. Akkurat nå er det fleire showpakkar som ligg ute, og me sel godt.
– Fotballhotellet, kanskje?
– Ikkje et dårleg namn det. Uansett var det kjekt å vere med på ei lokalavis sin tippekonkurranse. Eg håper at Daniel og dei han tar med seg får ei flott oppleving, seier Askeland.
Viktig merksemd
Daniel Fjellstad er Stegaberg-gut frå han var liten av. Rett nok hadde han tre år i gult hos naboen, men det er i blått han har spelt dei fleste kampane. Eit par kampar på a-laget, som senior, men nå mest på Stega 2.
– Fekk ei kort a-lagskarriere, men det er greitt. Eg er veldig glad i fotball, og har dei siste tre-fire åra vore ivrig på tippinga i Bygdebladet. I tillegg er eg inne og les spelarbørsar og slikt. Denne dekninga er svært viktig for lokalfotballen, og eg er sikker på at det er mange som synst det er stor stas å både komme i avisa som spelar, men også som lag. I tillegg er eg FKH-fan og har vore på alle heimekampane dei siste åra. Neste år blir det Europacup-kvalik og det ser eg fram til, seier Daniel.
Takk for i år
Marknadsavdelinga i Bygdebladet er svært nøgde med årets interesse for vår tradisjonsrike kupong.
– Me kan love ny konkurranse til neste år. Tydelig at folk er engasjert i korleis det går med lokalfotballen. Samstundes er det ein fin måte å vise fram annonsørane på. Dette er ein vinn-vinn slik me ser det, seier Anne Marie Rossebø og Gro Lothe, etter nok en lang sesong med lag i seks senioravdelingar.