Kjære politikarar – garanter for jordmortilbodet i Tysvær!

Når eg tenkjer tilbake på det som skjedde då sonen vår vart fødd i mars i år, tenkjer eg ofte at vi verkeleg hadde hell i uhell.

På grunn av alvorleg svangerskapsforgiftning og fare for både mor og born, måtte han ut i veke 26, tre månader for tidleg. Det var ikkje så heldig for han litle. Allikevel var vi heldige som hadde kontroll hos jordmor Tiril akkurat denne veka, og vi var heldige at jordmor hadde tid til ein skikkeleg undersøkelse av både mor og born. Vi var heldige at jordmor hadde tid til dialog med sjukehuset om kva planen vidare skulle vere, og vi var heldige at jordmor hadde kapasitet til ein ekstra kontroll nokre dagar seinare. Frå første kontroll der mistanken om svangerskapsforgiftning vart oppdaga, til eg låg på operasjonsbordet på Haukeland etter å ha blitt akutt dårleg, gjekk det mindre enn ei veke. Dette vart starten på eit 3,5 månader langt sjukehusopphald, men vi var blant dei heldige og fekk ta med guten vår heim til slutt. Hadde vi ikkje hatt dette hellet i uhellet, med ei vaken jordmor som følgde oss opp, kunne utfallet vore så mykje, mykje verre. På Haugesund sjukehus tek dei ikkje ein gong imot så små born, men vi var heldige som fekk reise til Haukeland før det vart akutt.

Etter å ha erfart kor viktig det er med god svangerskapsomsorg i kommunen, kor viktig det er med ressursar i førstelinjetenesta, vert eg både redd og lei meg når eg les i Tysvær bygdeblad 1. november at jordmortenesta står i fare for å bli redusert til ei 60 % stilling. Eg skal ikkje påstå at vi i vår situasjon ikkje hadde fått same gode oppfølging om det hadde vore færre jordmødre på jobb i Tysvær, men korleis ein person i 60 % stilling skal kunne følgje opp 150 mødre og barn i året på ein ordentleg måte, både under og etter svangerskapet, forstår eg ikkje. Ikkje verkar det klokt å kutte ut dei viktige førebyggjande oppgåvene jordmødrene ivaretek i dag heller. Om ein ønskjer at fleire unge etablerer seg i Tysvær, er også det eit argument for å ikkje kutte svangerskapsomsorgen til eit minimum.

Er vi heldige så vidarefører Helsedirektoratet tilskotet kommunen har hatt den siste tida, men med eit så viktig tilbod som dette er, bør kommunen klare å garantere vidareføring uavhengig av midlar frå staten. Med faste stillingar, slik både Haugesund og Karmøy har klart.

mvh Marte Hustveit Hauge