Tysvær blandakor er klar for ein ny flott julekonsert i Aksdal kyrkje.
Tysvær blandakor er klar for ein ny flott julekonsert i Aksdal kyrkje.

Tradisjonelt med ein liten vri

Tysvær Blandakor og julekonsert i Aksdal kyrkje er blitt ein fin tradisjon.

Sundag er dei på plass igjen. Veker med øvingar er over og den rette julestemninga satt.
– Eg trur alle gleder seg litt ekstra til julekonserten. Nå har me hatt eit aktivt år, men det er noko eige når dirigent Magne Kristoffersen bles støvet av julesongane. I fjor prøvde me oss også med ein polsk julesong og fekk gode meldingar på det. I år skal me prøve oss på eit par andre. Det å utvikle konsertane er noko me har hatt lyst til, seier May Jorunn Vatnaland i blandakoret.
Koret er sjølvsagt hjarteleg til stades og vil lose publikum gjennom ei rekkje med kjende og kjære songar. Denne gangen medverkar også Stein Ivar Fossum på piano. Solosong av Maria S. Jacobsen, Vibeke Braadland og Magne Kristoffersen. Kulturskuleinnslag av Anne Marija, fiolin. Kristina T. Hagen, fløyte og Lisa Sørensen, piano.
– I tillegg bruker me som vanleg solistar frå eigne rekker og håper at me har sett saman ein miks som får fram den rette julestemninga i kyrkja. Kor og jul er noko mange vil ha med seg, og i år ser det ut til at me ikkje konkurrerer med finalen i handball EM heller, smiler Vatnaland.

Favoritt
Ho er ei av fleire i koret som syng i fleire kor. Ho var mellom anna med Aksang på Bokn sist helg, og song med Johnny Logan og Hanne Krogh.
– Har du ein julefavoritt?
– Det har eg faktisk, og det er to. «Himelen i min famn» og «Det hev ei rose sprunge» er mine favorittar, og dei kjem på sundag. Eg har ein til, men den klarte eg ikkje å trumfe gjennom.
– Og det er?
– Hemmeleg, seier May Jorunn Vatnaland som håper på fullt hus og stor julestemning i Aksdal.

Balsam
– Korleis vil du forklare det magiske med jul og korsong?
– Det å sitte i ei kyrkje med god lyd og berre nyte trykket frå eit stort kor er magisk. Det er balsam for sjela på mange måtar. Eg håper og trur me skal stråle ut songglede, slik at alle går heim, litt mindre stressa enn då dei kom, avsluttar Vatnaland.