God jul & godt nyttår

Tida flyr og me er til vegs ende også i 2018. Tysværbuar over heile verda førebur seg til juletradisjonar, kvar på sin måte.

Det har vore eit hektisk 2018 i lokalavisa, og me har vore gjennom eit av våre største prosjekt nokon gong, då me i haust kunne tilby våre abonnentar digitale utgåver av alle våre utgivingar gjennom 43 år.
Når me summerer opp 2018 ser me at det framleis er svært mange innbyggarar som ønsker avisa vår, noko som både er ei glede for oss, men også ei utfordring. For me veit at det er kvalitet som sel. Og det er noko me jobbar med kvar dag.
Når me nå så vidt er begynt å kikke inn i valåret 2019 så er det mykje spennande som skal skje. Innbyggarane kan allereie nå førebu seg på tydelege skifter i det Tysvær ein kjenner i dag. Det blir på både godt og vondt. Eg tippar at fleire av dei politiske- og kommunale innspela som kjem tikkande i 2019 vil provosere langt fleire enn det me er vant til.
For første gong skal me skikkeleg få sjå kva administrasjonen kjem opp med av idear knytt til fråfallet av Kårstø-millionar. Me vil også garantert få høgare avgifter både innan barnehage, SFO, og andre kommunale avgifter på alle nivå. Det kjem, om ein vil eller ei, også opp ein skuledebatt som erfaringar viser ikkje kjem til å bli særleg vakker eller sakleg.
Alt dette i eit valår.
Men det kjem også til å skje mykje kjekt. Nye store og viktige idrettsanlegg kjem til å stå ferdige. Det betyr at stadig fleire vil få eit godt aktivitetstilbod. Nye bustadområder, og tomter har fått grønt lys. Kulturhuset varslar stadig nye idear, lag og foreiningar blomstrar og folk flest har det det vel eigentleg godt.
Og er du ein av dei som liker å lese om spenstige planar i Aksdal og anna lokalt sladder, ja då kan eg garantere deg ei rekke med godbitar også i 2019.

Med desse linjene vil eg på vegne av Irene, Gro, Anne Marie, Marit, Ingvild, Mona og meg sjølv ønske alle ei riktig god jul.
Så snakkast me i spaltene allereie 3. januar.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør