Ordførar Sigmund Lier kosa seg i gravemaskina då han i ettermiddag tok det første spadestikket for det nye hestesportssenteret. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ordførar Sigmund Lier kosa seg i gravemaskina då han i ettermiddag tok det første spadestikket for det nye hestesportssenteret. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Vått, men bare smil på Skeiseid

Gratulerer med dagen! Gratulerer med endeleg å vera i gang med fysisk bygging av Haugaland Hestesport Arena! Slik startet ordfører Sigmund Lier sin tale til alle de fremmøtte på Skeiseid i ettermiddag. Nå er spadestikket tatt på det nye flotte senteret.

Vi har fått Lier sin tale, slik den er skrevet på kortene hans:

Dette er ein historisk dag! Denne dagen vil gå inn i historiebøkene for måten hestesporten på Haugalandet gjekk saman om å bygge framtidas Hestesport Arena.
Det me får om eit år er ikkje berre Haugalandets beste hestesport arena – me får ikkje mindre enn Vestlandets mest moderne og innholdrike Hestesport arena –
Dette bygges så midt i sentrum av regionen ein kan tenkje seg – på Frakkagjerd – her på Skeidseid – tett på Europavegar og dermed ein plassering som når svært mange!
Eg skulle håpe at alle kommunane var samla – men me har respekt for dei ulike valga – alle er likevel velkomne til å henge seg på – EG gler meg mest over alle dei kommunane som er med og som støttar opp om dette unike og flotte anlegget.
Eg skal helse frå ordførarane frå Bokn, Vindafjord og Karmøy som alle er glade for invitasjonen hit, men som er opptekne med oppdrag i eigen kommune!
Haugalandet Hestesport Arena er ei stor investering! Eg er glad for at kommunane støttar opp om kvarandre sine anlegg og dermed også løyser ut regional status. Takk til Rogaland Fylkeskommune for snuoperasjon og dermed si store støtte til det som skal bli eit anlegg som skal nå mange – svært mange i alle generasjonar
Initiativtakarane har heile vegen vore klar på si målsetjing! Denne arenaen skal nå både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå
Her skal det bygges anlegg som når breddeidretten, toppidretten, her skal det tilbys både terapi- og handikapridning – her skal både unge og gamle få gå på rideskole! I dette miljøet blir det godt å vera! Her inkluderer ein alle!
Dette er ein gledens dag! Dette er hestesportens dag på Haugalandet!
Her på Skeidseid midt på Haugalandet bygges dette. Hestesportsenteret vil vera sikra mange framtidige lokale medlemmer
Tvers over fylkesvegen her nede og i heile området inn mot Frakkagjerd ungdomsskule skal det i åra som kjem byggast ikkje mindre enn 1400 bueiningar – her er det potensiale for mange lokale medlemmer.
Mest av alt håpar og trur eg at dette anlegget skal vera eit trekkpunkt for heile Haugalandet der alle medlemmene kjem frå!
Tysvær kommune gler seg med dykk og ynskjer alt godt i byggeperioden!
Me vil framleis vera god samarbeidspartnar og ein god vertskommune for å bygge opp om dette unike anlegget
Så er det mitt håp og ønskje at byggearbeidene går bra – eg er sikker på at Helse- Miljø- og Sikkerhet – HMS blir godt ivaretatt og sikra .
La oss alle sikre at alle som skal arbeide på anlegget, enten frå ein entreprenør eller på dugnad skal ha ein sikker arbeidsstad og kome trygt heim til sine etter endt dag!
Igjen – Gratulerer med dagen! Takk for stå på vilje – takk for kondis og iver til å realisere det som blir eit av Norges beste hestesportarena med ein unik breidde i ein svært unik region der dei fleste set samarbeid i førarsetet når me skal få noko gjort!
I dag seier me og Gledeleg JUL og Godt nyttår! Og gler oss til å sjå dette flotte anlegget ferdig til Jul i 2019.
Takk for oppmerksomheta.!

Sigmund Lier, ordførar Tysvær

Meir om denne vekas spadestikk i avisa i morgon.