– Er du klar

Me er allereie nokre dagar inne i 2019. Det året som er lagt bak oss er trygt plassert i historiebøkene.

Eg har brukt litt tid på å lese ein del av innlegga som er lagt ut på nett, der ein har summert året som gjekk, og ønska for året som nå kjem.
Og som vanleg har det vore ein balansegang mellom sorg og gleder, mellom store forhåpningar som blei nådd, og draumar som gjekk i vasken. Det handlar om folk som har gått bort og som ein kjenner eit sterkt sakn etter, men også ei rekke med bilete av barn som er fødd i det herrens år 2018. Forventningane er store, skilja mellom liv og død små.

Det kan vere gripande å lese om dei som ikkje har det godt, som gruer seg til eitt nytt år. Som har vondt for å legge fram nyttårsønske. Måtte me alle vere med på å gjere det litt betre for alle desse.
Det kan vere like gripande å lese om alle som sist år har kjempa mot sjukdom, og som nå håper at det nye året skal bli mykje betre. Mange av dei vil få det slik, andre vil tape kampen.
Så er det alle dei som i 2019 enten blir gamle nok til å få «lappen», begynne på ny skule, reise vekk og oppleve nye ting, eller som nå er gamle nok til å stifte sin eigen familie. Det er interessant for ein «gamling» som meg å lese om alle desse forventningane. Det er vel dette ein kallar «Circle of life».

Så har me dei meir pompøse ønska for det nye året. Dei som handlar om hytter, båtar og bil. Og reiser… Kanskje er det draumen om fjerne stader som toppar dei fleste listene. Spesielt nå i januar når vinden ular og det er kaldt både inne og ute.
Så er det alle dei som skal slanke seg, bli smartare i privatøkonomien og som skal bli eit betre menneske.

Lykke til med det også.
I Tysvær har me på mange måtar lagt bak oss eit godt år. Det har vore oppturar og nedturar. Sorg og glede. Mange har store forventningar for 2019, eit valår der nye representantar skal veljast inn og veteranar skal sette sin plass til disposisjon. Det er eit år der mange trur me skal få sjå eit «nytt» Tysvær, og allereie i vinter vil det komme både lovnadar og kutt.

Tysvær Bygdeblad skal passe på dei, og halde deg oppdatert på det som skjer. I 2019 blir det viktigare enn nokon gong å vere abonnent, slik at du får med deg det som skjer, i kommunen.

Me vil alle saman ønske våre leserar eit godt og spennande nytt år.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør