Me har tatt eit val

Denne veka startar me valdekninga i Tysvær for alvor. I dei neste vekene og månadane skal me gi leserane våre eit innblikk i politiske parti, politikarar og saker som er viktige for vår kommune.

Me skal sjå nærare på dei som er på toppen av listene, som har lang erfaring, og som veit kva som skal til i lokalpolitikken.
Men me skal også snakke med dei som er nye. Som nå tar eit stort steg ut i ei verd, som alle ikkje kjenner til. Me vil at alle nye listekandidatar skal få kunnskap om kva det vil seie å vere lokalpolitikar, kva konsekvensar det har, samstundes som me gir dei plass i lokalavisa til å fronte sine saker.
Målet er at færrast muleg av kandidatane etter valet 9. september kjem med uttalar som; «Dette var eg ikkje klar over», «eg ante ikkje at det var så travelt», eller at «eg slepp ikkje til».
På den andre sida har me alle dykk som les Tysvær Bygdeblad. Eit valår er eit av dei viktigaste i ei lokalavis. Då kan me vere med som eit bindeledd mellom politikarar og veljarar. Me kan stille spørsmåla mange lurer på. Me kan vere kritiske saman, og me kan presentere valløfte. Saman skal me gjere det så spennande at me den 9. september møter opp i vallokala i hopetal, og sørger for at demokratiet i Tysvær verkeleg viser seg frå den beste sida.
Men då treng me deg. Du som lurer på ting, som vil påpeike det som er bra, eller det som er dårleg, i Tysvær. Du som har gode idear, eller som berre har eit spørsmål du gjerne vil stille listekandidatane. Send oss e-post, ring oss, eller kontakt oss på våre aktive Facebook-sider.
I denne valkampen er det kanskje ikkje like sjølvsagt kva som kjem til å blir dei viktigaste sakene. Likevel vil me spå at Aksdal-sentrum, helse og omsorg, omstrukturering, bustadbygging og skule kjem rimeleg raskt på banen. I tillegg, og det er det som er sjarmen med lokalval, vil ultralokale saker skape heftig debatt. Det kan vere alt frå ferjetilbod til ønske om nye fritidstilbod.
Og bak alle desse forventa sakene kan det dukke opp nye rundar med skulestruktur. Om ny ungdomsskule, og om nedlegging av dagens skular. Slikt tar lett fyr i ein debatt.
Og kva med Skeiseid. Vil det engasjere nok til at folk vil vurdere å gi ei stemme til det partiet som vil mest langs Førresfjorden?
Ordførarvalet kan fort bli ein ny duell mellom Sigmund Lier og Ola S. Apeland. Så vil støtta til dei andre partia bestemme om me får ein ny varaordførar, eller om duoen på nytt skal samarbeide i fire år til.
Det er det du som skal bestemme i september. Vår jobb er å gi deg den beste informasjonen, som er muleg å grave fram. Me har gleda oss lenge til valåret 2019, me håper at du gjer det same.
Godt valår til alle våre lesarar.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør