Topping av laget

Då formannskapet tilsette Sigurd Eikje som ny rådmann hadde dei store forventningar. Dei ville ha ein tydeleg leiar, ein som torde ta tak i dei vanskelege sakene, og ikkje minst våga å sjå på drifta av AS Tysvær.

Nå kjem den ultimate testen om forventningane og Eikje heng saman. For ei av dei sakene som rådmannen straks tok tak i var si eiga rådmannsgruppe, og leiarrekka på rådhuset. Den hadde eit skrikande behov for ei slags fornying.
Og Eikje er ikkje redd for å gjere det skikkeleg når han først tar eit tak. Seks boksar på organisasjonskartet blir til tre. Det betyr at tre av «sjefane» frå i haust av vil få andre titlar. Det blir dei nøydt til å leve med, når Tysvær nå skal moderniserast på øvste nivå.
I første omgang ser to av dei nye utvala nokså greie ut, når ein tenkjer på kven som skal styre dei i dei neste åra. Teknisk blir stort sett som før, og det vil vere både rart og heilt feil om ikkje Bjørn Bruaset held fram i den jobben. Innan helse og omsorg er det to svært gode kandidatar. Anbjørg Lunde og Jorid Vea Isdahl har begge fagkunnskap og kompetanse som kan kle den rolla, som leiar for eit samla helse-Tysvær. Dette er eit utval som i dei neste åra vil ha ei sentral rolle i kutt av pengebruken i kommunen. Då må ein ha ein leiar som står rakrygga i stormen. Begge dei kan klare det.
Så kjem det mest spennande skiftet. Skule, barnehage, PPT, barnevern og kultur skal inn i eit utval, med ein sjef. Umiddelbart er det vanskeleg å seie kven av dei som i dag sit i diverse sjefstolar som passar best til den jobben.
Å samle desse tenestane har vore nemnt mange gonger før. Det bør vere svært korte linjer mellom dei fire førstnemnte. At dei møtes jamleg og snakkar same språk er eit krav, som det nå blir lettare å følge opp. Ein leiar av dette utvalet må ha kunnskap, men også ein sterk evne til å samarbeide på tvers av sterke fagmiljø. Opp i dette kjem kultur.
Namn for namn er det ikkje mykje å velje i. Eli Krokedal mot Anders Netland er vel strengt tatt duellen, om begge søker. Kva Netland tenker, etter berre å ha vore på kulturkontoret sidan i sommar, veit ikkje eg, men dette må ha komme overraskande på han. Han er ein leiartype som eg har litt sansen for, men samstundes er han relativt ny innan dei andre miljøa i kommunen. Eli Krokedal har både lukkast og hatt sitt å stri med som skulesjef. Eg er ikkje overtydd om at ho er den rette til ein slik samlande stilling.
Så då har eigentleg rådmannen ei utfordring med å finne ein ny sjef for dette krevjande utvalet, blant dei interne søkerane.
Omorganiseringa vil på kort sikt ikkje gi kommunen nokon økonomisk gevinst. Men på sikt er eg sikker på at ein både vil ha økonomisk- og fagleg gevinst med ein slik organisering.
Tysvær bad om noko nytt, dei tilsette Eikje og nå har dei fått svar.
Eg synest det ser svært spennande ut.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør