Næring på alvor

Du har kanskje lagt merke til det du også. At det i det siste stadig dukkar opp bilete av Annette Sæther i media. Tysvær sin næringssjef har fått ein god start i sin nye jobb, og det er fleire grunnar til at nettopp Sæther kjem på trykk.

For det første skjer det mykje spennande innan næring i Tysvær. Me har næringsparkar som har potensiale, og allereie leverer. Det er spennande etableringar på gong i kommunen innan oppdrett. Og ikkje minst, kommunen har fått ein fot inn i pengebingen som heiter turisme.
Skal dette styrast i den ønska retninga treng me ein person og to som ikkje har ein politisk agenda, men som tar tak i saker som bli kasta opp i lufta på ein fagleg og truverdig måte. Der har Sæther allereie vist at ho kan. Ho er ikkje typen som står fremst i «koret» og skrik høgast, men ho har allereie vist evna til å komme med dei gode forslaga, dei gode løysingane og det til rett tid. Ikkje aleine, langt der i frå, men som lim i eit utviklingsarbeid som skal sette Tysvær for alvor på næringskartet.
Det som ofte har prega næringsplanar på Haugalandet er nettopp store og vidløftige planar. Mange av desse planane er også lagt fram med den enkle løysinga om at dette hadde vore «easy business», om berre kommunane hadde tatt til vett og slått seg saman. Ofte er det menn som hiv draumar og store planar i lufta. Stakkars dei som skal hente dei ned og gjere noko med dei.
Eg ser på Sæther, og fleire andre som henne, som viktige personar i det som nå er utviklinga av vår region. Eg ser også at fleire gode prosjekt nå blir løfta fram i fellesskap, sjølv om ingen kommunar har slått seg saman. Dei speler heller kvarandre gode. Om det er storhamna på Killingøy i Haugesund, Hydro på Karmøy, Haugaland Næringspark på Gismarvik, eller alt det som skjer rundt Kårstø-anlegget.
Og oppi all tradisjonell, og etter kvart også utradisjonell, industri dukkar nye utfordringar opp. Miljø er eit heitt tema, turistsatsing og kulturarv det same.
Me kan ikkje, og vil ikkje, i framtida tåle at ein berre slepp ballongar med gode idear til værs. Me treng også å ha eit fokus på det å få tak i tauane på desse ballongane før dei forsvinn frå oss.
Tysvær satsar på næring, dei som styrer likar å snakke om det. Det skjer mykje og dei lukkast på mange frontar.
Men oppi dette treng dei nokre med is i magen. Slike som Annette Sæther. Dei som kallar ein spade for spade, som våger å vere realistar. Det er ein kunstform som Tysvær og mange andre kommunar treng.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør