Kai Peder Birkeland ser lyst på framtida. Verksemda har allereie mange oppdrag klare for 2019. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Team Rynkeby – God Morgon Haugaland har trena i mange månadar fram mot sykkeltu-ren frå Oslo til Paris. I morgon går startskotet for den velgjerande sykkelturen.

Birkeland: Ingen jobb for liten, ingen for stor

Dei har blitt eit synleg bilete i entreprenørbransjen. Med sine blå bilar og sin store B har dei «tatt» Haugalandet med eit smell. Nå er dei snart på flyttefot.

– Det har gått rett veg for oss, og me har klart å bygge ei verksemd som står godt rusta for framtida. Me er registrert i Tysvær, men held til på Karmøy. Men det er ikkje lenge før me har oppe eit nybygg i Næringsparken på Gismarvik, og då får me samla alt under eit tak. Treng vel ikkje seie at det er noko med gleder oss stort til, smiler Kai Peder Birkeland.
Det har gått nokre år siden me møtte på alltid like smilande Birkeland. Då hadde han fått seg ein stor jobb i Førre. Utbyggar var Utvik og dei ønska ei byggeklar tomt.
– Ja, det hugsar eg godt. Me møtte på ei myr som var 12 meter djup. Det blei ei utfordring, men me klarte det og. Då hadde eg eit lite kontor heime i huset i Førre, men i dag har me vokst oss store, og er eit selskap med 49 tilsette og ei omsetting på over 100 millionar kroner, seier Birkeland.

Kamp
På Haugalandet har det vore mange spennande og store prosjekt dei siste åra. Veg og næringsareal har vore i sentrum for mange, og lange anbodsrundar.
– Det blir ofte ein kamp mellom oss, Risa og Vassbakk & Stol. Marginane kan vere små, så anbodsrundane, er blitt ein svært viktig del av det å drive verksemda. Eg har dyktige medarbeidarar som kjenner strukturen vår, og som veit kva jobbar me er best på.
– Korleis finn ein fram til desse jobbane?
– Me er mykje å leiter på Doffin. Kan vel seie det slik at mesteparten av det me driv på med har eit utspring frå den nettportalen. Men så er det kanskje ikkje like godt kjent at me også tar på oss småjobbar. Me kan ta ut 300.000 kubikk stein på ei næringstomt på Raglamyr, men også stille med ein mann, og ein minigravar, heime hos folk. Me skal ha det spennet i tilbodet vårt, seier Birkeland.
Arbeidsfeltet er blitt heile Haugalandet og vel så det.
– Om ein inkluderer Bømlo og Stord så stemmer det. Me har til nå valt å ikkje reise bort på større anlegg, men jobbar i nærområdet vårt. Dette året skal me også ha eit fokus på vårt eige prosjekt i næringsparken.
– Korleis ser 2019 ut?
– Det ser veldig bra ut. Me har ei ordrereserve på omlag 65 millionar kroner, og me reknar på fleire spennande prosjekt. Men som sagt det er ein kamp.

«Team Birkeland»
Organisasjonen til Birkeland er bygd opp som eit fotballag.
– Det liknar i alle fall. Laget blir ikkje betre enn det svakaste leddet, og me er avhengig av at forsvar og angrep speler saman. Derfor jobbar alle med det same målet. Eit godt eksempel har me her i tomta, seier Birkeland og peikar rundt seg.
– Om han nede i grøfta treng hjelp, kjem han som sitt i gravemaskinen til å hoppe ut og hjelpe. Det nyttar ikkje å sitte der og vente på at noko skjer. Slik er det gjennom alle linjene våre, og eg er sjølv svært mykje ute hos dei tilsette. Faktisk har eg berre seks-sju timar på kontoret i veka, og då er det stort sett anbod me brukar tid på.
– Betyr det at sjefen sjølv er å finne i ein gravemaskin?
– Heilt rett. På Raglamyr grov me ut det som skal bli Kolombus sin nye store terminal. Då kjørte eg både gravemaskin og dumper i vekevis. Det er slik eg er. Eg vil vere der det skjer. Og skjer det noko uønska eller at ting blir vanskeleg. Ja, då tar me det der og da. Eg liker handling og ikkje at vanskeleg ting skal få plass i «laget», seier Kai Peder Birkeland.
Og han sett pris på dei tilsette. For ikkje lang tid sidan tok han med seg heile gjengen på messe på Austlandet, med hotellovernattingar og middag inkludert.
– Det kostar pengar, men du verden så mykje me får igjen for slik. I ein konkurranseutsatt bransje som me er i, kan detaljer avgjere om det er suksess og fiasko.

– Eg er imponert over dei som jobbar ute på slike dagar

Framtida
Me treff på Kai Peder Birkeland på ein byggeplass i Tysvær. Det er iskaldt og dei som jobbar i grøfta har verkeleg ein kamp for å halde seg varme.
– Eg er imponert over dei som jobbar ute på slike dagar. Då skal ein halde hovudet kaldt bokstaveleg talt.
– Korleis er tilsettingsprofilen i selskapet?
– Eg har ungdommar i praksis og ser om det er nokon det er tak i. Kvart år tar me inn fem lærlingar som då har ei læretid på to år. Eg har også tatt inn dei som ikkje likar seg på skulen på grunn av teori, og gitt dei ein sjanse. Dei er lærlingar i fire år. På denne måten har eg fått vere med å forme dei som me då seinare kan tilsette. Rett nok er det nokre av dei som går røyrleggarfag, men me har mange i selskapet som har begynt på denne måten. Eg er litt stolt av dette, for å få fram det beste i ungdommen, er ein svært viktig jobb me må ta oss tid til, seier Birkeland.
– Kva med framtida?
– Det er mange lause trådar der framme. Rogfast er for mange ein nøkkel. Vidare utvikling av næringsparkane og vegane på Haugalandet det same. Akkurat nå er det litt dødt når det gjeld kommunale prosjekt, men det kan fort snu. Me må vere på banen, tråle sider etter nye anbodskonkurransar og stå på. I tillegg må me alltid ha ein plan B, ein blå plan B, ler entreprenøren og søker ly for kulda.

Samhald
Birkeland ramsar opp både prosjekt som er ferdige og som kjem. Om visjonar og om posisjonen Haugalandet har.
– Det me ser er at fleire og fleire verksemder på Haugalandet nå heng tettare saman og gir gode anbod. Det trur eg gjer oss alle betre. Me kan matche dei som kjem utanfrå. Me har eit oppland som går frå Etne i aust til Utsira i vest. Frå Bokn i sør til Stord i nord. Kvifor skal ikkje me lokale vere best her? Me trur at framtida er lys for dei som tør å stå på, som tar ungdommen på alvor, og som ser mulegheiter der andre ser problem. Slik har i alle fall me bygd opp Birkeland Maskinentreprenør med ein stor B. Har lov å vere stolt av det, smiler alltid like sympatiske Kai Peder Birkeland.