Kva kostar trusa di?

Det er ein del folk der ute i landet vårt som slit med sitt. Som har diagnosar og gjer uforståelege og merkelege ting. Som for eksempel ha eit brennande ønske om å kjøpe joggebukser eller truser til idrettsjenter. Ein kan velje å smile litt av det, eller bli fortvila.

For spørsmålet er om me kan gjere så mykje med det?
Politiet er heilt klar i si tale. Ring oss og meld uønska åtferd. Det er flott at dei bryr seg, for dei dette gjeld synst ikkje det er til å flire av i det heile tatt.
Berre tenk deg situasjonen. Du har vore med på eit meisterskap eller ei fotballturnering og det er bilete av deg i lokalavisa. Så får du plutseleg ei oppringing, eller ei melding frå eit ukjent nummer. I den andre enden sitt der ein person som vil kjøpe undertøyet ditt.
Ekkelt vil vel mange seie. Skummelt vil dei som er oppi dette seie. Korleis fann han meg, og er han i nærleiken?
Då dette skjedde for jentene i Tysvær vektløftarklubb var trenar og leiar Dag Rønnevik raskt på banen. Han vil ha debatt rundt dette. Korleis skal ein gjere det trygt for ungdommen når slike hendingar skjer. For det har vist seg i ettertid at det skjer litt oftare enn ein kanskje trudde. Litt for ofte er vel eigentleg svaret.
Igjen er politikontakt Malvin Kvamme raskt på banen. Han inviterer seg sjølv inn i idrettsmiljøet for å få til ein dialog rundt truande åtferd. Og dette skjer i ei tid der same Kvamme jobbar med ungdommar sine eigne nettvanar. Om kva som er akseptabelt og ikkje. Der det dagleg kjem opp spørsmål om kva reglar ein eigentleg speler etter på nettet.
For det er ingen tvil om at saka med vektløftarjentene blei eit skikkeleg «truserøsk» for alle som driv med barne- og ungdomsarbeid. Korleis skal me forklare og synleggjere for dei unge korleis det er ute i den store verda.
Eg har snakka med ein del trenerar som har hatt utanomsportslege utfordringar med jenter også lenge før verden var på www. Om gutar som kikka inn gjennom vindauga for å sjå om det var nokon som dusja, eller var så kreative at dei gjekk inn i «feil» garderobe. Eller i litt meir moderne tider monterte dårlege videokamera og prøvde å filme jenter i svømmehallar og garderobar.
Då hadde dei ein viss kontroll. I dag har ein ikkje det. Ein veit ikkje om den som ringer deg er i nærleiken, er farleg eller har andre intensjonar enn berre å få seg jentetruser.
Dette er verd ein samtale. At politiet og idretten vil ta dette opp nå, ser eg på som ein stor siger i kampen mot alle dei der ute, med eller utan diagnosar, som «plagar» idrettsjentene våre.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør