Svar på spørsmål frå Gunn Marit Lygre, Krf.

Først av alt vil eg takke representanten Lygre for spørsmåla og høvet til å informere om kommunen sitt tilbod innan helsestasjon- og jordmortenesta, ei teneste kommunen skal vera stolt over.

Lygre har ei god innleiing til spørsmåla, same innleiing kunne me lese i Tysvær Bygdeblad i sist veke. Lygre syner til budsjettvedtaket som vart gjort 11. desember som heile kommunestyregruppa stilte seg bak, sjølv om Lygre hadde forfall til dette møtet.
Lygre seier og skriv at ho er utolmodig, noko også ordføraren er, og kan informere både Lygre og resten av kommunestyret om at det i den korte tida etter at vedtaket er gjort, er i gong arbeid for å sikre ei enno meir heilskapleg teneste.
Eg vil derfor i det vidare når eg svarar på spørsmåla også trekkje inn det gode og omfattande tverrfaglege arbeidet som er kring dette arbeidet der også Psykisk helseteneste, fastlegar og andre er ein naturleg del av dette viktige arbeidet.
I det første av tre spørsmål spør representanten Lygre om følgjande: “ vil ordføraren vera med å legge til rette for at jordmortenesta får auka ressursar med ein stilling? Gjerne ved hjelp av prosjektmidlar i starten, men med mål om fast stilling, eventuelt med omdisponering av andre ressursar?”.
Det det enkle svaret eg å syne til budsjettforliket der fem parti stod saman og der me bad rådmannen om å leggje fram ei sak om tidleg innsats, der også jordmortenesta vart synleggjort, som den naturlege tidlege innsatsen den gir. Svaret om omprioritering av ressursar er JA.
Budsjettforliket var klar på at drifta ikkje skulle auke, men der rådmannen vart beden om å omfordele ressursar etter kva behov som måtte vera i kommunen. Auke av drift er å fråråde i og med at regjeringa har vore tydelege på at inntekter på eigedomskatt skal reduserast i åra som kjem.
Spørsmålet er likevel av ein slik art at ordføraren vil bruke meir tid på svaret.
Helse- og omsorgstjenestelova pliktar kommunen å ha eit tilbod om svangerskaps- og barselstenester til befolkningen. Oppgåvene kan utførast av fastlege, jordmor eller privatpraktiserende jordmor med driftsavtale.

Forskrift av 01.11.18 pliktar kommunen å tilby svangerskaps- og barselsomsorg ved helsestasjonen. Helsestasjonen skal tilby heimebesøk til mor etter fødsel og heimebesøk til nyfødte. Forskrifta pliktar kommunen vidare å ha prevensjonsrettleiing og rekvirering av prevensjonsmiddel som ein del av tilbodet ved helsestasjonen.
Jordmortenesta bruker «Nasjonal faglig retningslinje for svangerskapsomsorgen» utgitt av Helsedirektoratet, som eit av grunnlagsdokumenta som er lagt til grunn for den interne rutinen for svangerskapsomsorga. Denne inneheld både svake og sterke anbefalinger samt lovbestemte krav.
Kommunal jordmorteneste er eit nasjonalt satsingsområde. Dette heng saman med at liggjetida for fødande ved sykehusa over tid har gått nedover. Eit nasjonalt mål er at tida den fødande skal ligge inne på sjukehus skal reduserast. Dette fører til at barselsrelaterte oppgåver som tidligare låg til sykehusa nå er blitt overført til kommunane. Vi har altså ei forskyving av oppgåver utan at kommunene er kompensert for dette med varig styrking av budsjetta. Vi ser det same i fastlegeordninga.

Fram til 2016 hadde Tysvær kommune leigeavtale med Haugesund sykehus om leige av jordmor i 50 % stilling. I august 2016 gjorde kommunen om desse midlane til ein 60 % fast stilling som jordmor.

I 2018 har kommunen mottatt prosjektmidlar tilsvarande 1,2 årsverk som jordmor. I denne perioden har jordmortenesta utvikla nye tilbod innanfor svangerskaps- og barselsomsorga. Dei har til dømes tilbod om undersøking av livmorhalskreft, som berre Haugesund, Randaberg og Tysvær av kommunane i Rogaland tilbyr pr i dag.

Eit anna eksempel er at dei nå tilbyr «jordmor heim» etter fødsel i tråd med ny forskrift. Jordmortenesta i Tysvær har ved hjelp av prosjektmidlane fått drive med fagutvikling som andre kommunar enno ikkje er kome i gong med. Andre kommunar kontaktar Tysvær for å få opplæring i nokon av dei tiltaka som er utvikla i prosjektet.

Det er verdt å sjå til tenesta vår for å lære korleis nye kommunale oppgåver kan utførast.

Prosjektmidlar gir kommunen høve til å prøve ut ny praksis. Det er venta at helsestasjon- og skolehelsetenesta i løpet av prosjektperioden (som oftast på 3 år) lagar ein plan for kva tenester som skal implementerast i ordinær drift og korleis dette kan finansierast.

Kommunen søker og på midlane for 2019 . I påvente av svar frå direktoratet har rådmannen sikra at det er stilt midlar til disposisjon – ei 100% stilling – dette for å sikre tilsvarande tenester fram til kommunen får svar på søknad, slik at vi ikkje får brudd i tenestetilbodet av den grunn.

Med tanke på dei reportasjane som var i haust og som spørsmålsstillar også syner til i dag, er det viktig at kommunestyret har den oversikta som klart syner ei styrking av faste stillingsprosjekt som jordmor i denne perioden, men og satsinga med andre midlar.

I tillegg vil det frå 2019 bli overført midlar til helsestasjonen som gir høve for å styrke den faste jordmorstillinga med ytterligare 15 %. Som de ser på skjermen er den no på 75% stilling.

I denne kommunestyreperioden har det derfor vore ein auke i den faste stillingsbrøken for jordmor.

Når det frå nasjonalt hald blir satsa på kommunal jordmorteneste blir dette gjort ved forskriftsendring som pålegg kommunen større ansvar. Det vert lagt ut prosjektmidler som kommunane må søke på årleg, som regel i tre år. Vi har ulik erfaring med slik satsing. Det krev at kommunen gjennom utvikling av praksis gjennom prosjektperioden vurderer kva av dei utprøvde tiltaka ein skal halde fram med og implementere i dagleg drift.

Som eksempel; Då barneverntenesta blei styrka tilsvarande for nokre år siden måtte ein søke Fylkesmannen om stillingar. Forskjellen var at desse ble lagt ut som varig styrking av kommunebudsjettet. Desse kunne derfor lysast ut som faste. Dette er berre ulike måtar det frå nasjonalt hald blir gjennomført styrking av bestemte innsatsområder i kommunane.

Lygre sitt andre spørsmål er følgjande: “Kva vil ordføraren gjere slik at jordmortenesta kan vera ein viktig del av den heilskaplege tidlege innsatsen for barn og familiar sitt beste?”

Det korte svaret på spørsmålet er at jordmortenesta er ein del av kommunen sitt heilskaplege tidlige innsats på dette området. For å svare på spørsmålet breiare vil eg be dykk om å fokusere på oversikta over ressursane kommunen i dag nyttar knytt til helsestasjon- og skulehelseteneste. Som kjent er jordmortenesta ein del av dette tilbodet.

Det blir i dag nytta fleire samhandlingsarenaer der leiarane av våre hjelpetenester er sett saman for å gje det beste tilbodet til brukaren. I dette kan det vera at det er jordmor/helsestasjonslege/fastlege som saman gir tilbodet etter kvinna sitt ynskje. I andre tilfeller kan det vera eit tett samarbeid mellom jordmor og helsesjukepleiar der dei saman gir det tilbodet som mor, far og barn har behov for.

Eg er også gjort kjent med at både barnevern, psykolog, psykisk helseteneste, PPT og barnehage kan vera viktige samarbeidspartnar i dette.

Kommunestyret har vedtatt at kommunen sine tenester skal samhandle med samhandlingsverktøyet Stafettloggen. Det er ordføraren si klare forståing – og forventning – at dette verktøyet blir brukt slik at det representanten Lygre spør om; den heilskaplege innsatsen for barn og familiar sitt beste, blir ivaretatt og koordinert.
Ordføraren kan opplyse om at ordførar og leiar av levekårsutvalet har bede om eit samråd om tidleg innsats for levekårsutvalet sine medlemmer i deira møte 13.mars. Der er rådmannen bedt om å vise kva tilbod kommunen gir, også innanfor jordmortenesta og andre tenester som er knytt opp om barn og familiar sitt beste. Samrådet vil ha eit breitt nedslagsfelt, men der alle er innanfor utvalet sitt ansvarsområde.

I oversikta på skjermen vart det også synt til barn/familieteamet sine gode ressursar. Denne ressursen er overført frå Psykisk helseteneste til Helsestasjon- og skulehelsetenesta nettopp for å sikre ein best mogleg heilskapleg tilbod til barn og familiar sitt beste.

Eg ynskjer også å nemne at også psykolog – og fastlegar er knytt til arbeidet med barselomsorga.

Representanten Lygre sitt tredje spørsmål fortener at fagpersonell svarar på spørsmålet og ikkje ordføraren som det er bedt om. “Korleis kan jordmortenesta, i tillegg til svært viktig svangerskap- og barselomsorg, vera eit viktig tiltak for å rettleie unge i høve til god seksuell, fysisk og psykisk helse, samt vera ein viktig aktør for å avdekke krenkingar, vald og overgrep?”

Dette er eit spørsmål som har krav på eit fagleg svar som det krev meir tid for å svare fagleg på her i dag, men ordføraren har bedt rådmannen svare under samrådet om tidleg innsats i Levekårsutvalet sitt møte 13.mars. Spørsmåla ligg til tenesta og kjem klart fram i forskrifta for tenesta av 1.11.2018, som vist til tidlegare i svaret.

Ordføraren kan, etter å ha lese den fyldige søknaden som kommunen har til handsaming i direktoratet, forsikre om at det er eit fagleg og godt tilbod som kommunen både gir i dag, men også prøver ut nye arbeidsmåtar gjennom prosjektmidlar.

Frå søknaden kan eg særskilt nemne: god svangerskapsomsorg, styrke skulehelsetenesta med oppfølging av skilsmissebarn, tilbod om psykologisk førstehjelp til alle elevar i 5. og 8. klasse, prevensjonsundervisning, målretta ressursbruk med tidleg innsats mot sårbare og risikoutsatte familiar, helsestasjonen si oppfølging av innvandrarkvinner, mm

Eg vil til slutt be kommunestyret om å ta med seg den styrkinga av jordmortenesta som dette kommunestyret har gjort – og ikkje – slik ein lett kunne tolke frå media og andre i november om at me byggjer ned tenesta.

Det er trygt å vera gravid i Tysvær. Det er trygt å vera i barsel. Kommunen har dyktige, autoritative og audmyke fagpersonar som møter barn og foreldre i dette viktige arbeidet.

Sigmund Lier, ordførar