– Budsjettvedtaket for 2018 hadde eit netto driftsresultat på 49 mill. kroner (før budsjettert finansiering fond), og nå viser tala at rekneskapen viser eit netto driftsresultat på 95,7 mill. kroner; det beste nokon sinne for Tysvær.

Sjå kven som smilar nå... Rådmann Sigurd Eikje og økonomisjef Tor-Leif Helgesen la fram rekordoverskott i ettermiddag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Eventyrleg overskott på 95,7 millionar i Tysvær

– Budsjettvedtaket for 2018 hadde eit netto driftsresultat på 49 mill. kroner (før budsjettert finansiering fond), og nå viser tala at rekneskapen viser eit netto driftsresultat på 95,7 mill. kroner; det beste nokon sinne for Tysvær.

av Alf-Einar Kvalavåg

Dette utgjer 8,7 % av driftsinntektene, noko som er langt over landsgjennomsnittet.
– Det er ein lagsiger og eit strålande resultat for Tysvær. Me har drive godt, men også samstundes vore svært heldige med renter og overføringar som har gått vår veg. Mellom anna må me sjå på posten frå havbruksfondet, som var på heile 15 millionar. Elles viser rekneskapen at det jobbas godt etter budsjett i alle avdelingar, seier økonomisjef Tor-Leif Helgesen.
Resultatet i 2017 var 88,7 millionar kroner også det rekord, då det blei presentert for eitt år sidan.
– Me hadde invitert ein del av leiarane i kommunen her i dag, for å vise dei at dette er noko me har oppnådd i saman. Som rådmann skal eg alltid ha beina godt planta på jorda, men i dag vel å løfte litt i alle fall på den eine. For dette er eit fantastisk resultat, seier rådmann Sigurd Eikje.

Les meir om resultatet og sjå fleire tal i avisa på torsdag.