Skulen på Nedstrand feirar den verdsberømte matematikaren Nils Henrik Abel med ein eigen dag. Foto: Marianne Losnegård
Skulen på Nedstrand feirar den verdsberømte matematikaren Nils Henrik Abel med ein eigen dag. Foto: Marianne Losnegård

Abeldag på Nedstrand

Fleire stader, blant andre Finnøy og Stavanger, gjer krav på den verdsberømte matematikaren Nils Henrik Abel. Mange kjelder slår likevel fast at han blei fødd i Nedstrand, i huset til familien Myskja på Stranda, medan foreldra hans var gjester hos fogden i 1802. Han vart fødd mykje for tidleg, og den vesle familien blei nok berre verande ei kort stund før dei reiste heim til Finnøy.

På Nedstrand barne- og ungdomsskule meiner dei at desse dagane i Nedstrand er meir enn god nok grunn til å ha ein årleg Abel-dag på skulen.

I år starta dagen med at 8.klassingar dramatiserte matematikaren sitt liv og fortalde om alle spora han har sett. Det er både eit krater på månen og ein astroide i verdsrommet som er kalla opp etter Abel, og me finn gater både i Paris og Berlin som ber namnet hans. Men mest kjent er nok den gjeve Abel-prisen som kvart år blir delt ut til unge forskarar i matematikk.
Skulen har eit flott kunstverk på ein heil vegg i inngangspartiet med nøyaktig kopierte notater og utrekningar Abel har jobba med. Veggen er eit samarbeid med kunstnaren Axel Rios og er vel verd eit besøk.
Heile dagen jobba alle elevane frå 1.-10.trinn med tal og rekning på eit utal av spanande måtar.