Det går så det grine

Tysvær leverer rekordoverskott for 2018. Smila er store og fortente.

Dei kan drive butikk. Rett nok er nokre av millionane meir som Lotto-gevinst å rekne, gjennom tilskott og anna, som dei heilt klart ikkje kunne ta høgde for i sitt budsjettframlegg for 2018.
Tala som økonomisjefen og rådmannen presenterte på tysdag er så sterke at sjølv raslinga med sablane om kutt i inntektene frå Kårstø-anlegget nå ikkje lengre er anna enn ei utfordring. Jo, det blir mindre pengar, og ja, det er ikkje tida for å bruke pengar som fulle sjøfolk.
For det viser seg at dei grepa administrasjonen og lokalpolitikarane har gjort gir resultat i rekneskapen. Svært gode resultat. Me ligg nær tre gonger over i prosent av det som er eit hårete mål for mange kommunar. Andre samanliknbare kommunar driv balansekunst på knivseggen for å unngå å bli sett under statleg administrasjon. I Tysvær kan ein feie på i maksfart langt inn i framtida. For når Tor-Leif Helgesen viser «skrekktala» for dei neste fire-fem åra, står det framleis svart på kvitt om forventa overskott på 40-50 millionar. Tal som hadde fått andre økonomisjefar til å svime av av glede.
Du har kanskje merka det i teksten allereie at her er det eit men. Og ja, det er eit men, fordi gigantoverskottet ikkje viser igjen i nettbanken til dei 11.000 som bur i Tysvær. Eller meir presist – ikkje nok igjen.
For om eg har lest og høyrt rett, arrester meg gjerne, så har kommunale avgifter i Tysvær auka kraftig samstundes som det blir sett nye overskottsrekordar. Prisar på SFO og barnehageplassar er skrudd opp til maks. Det er også varsla nye auke. I tillegg blir det dyrare å drive fritidsaktiviteter i kommunen. Anlegg og instruktørar i alle ledd kostar pengar, og mykje av rekninga må sjølvsagt takast av brukerane.
Me betaler for eit fantastisk tilbod, for det har me, men me betaler ein høg pris.
Og då kjem kritikarane på banen når rådmann og økonomisjef eigentleg inviterer til rekneskapsfest. Då kjem spørsmåla om kutt og nedbemanning, om sparing på vikarar i skule og barnehagar. Om den vanvitige pengebruken i Aksdal, og om utdaterte vassleidningar som gjer at det renn ut vatn for 9.000 kroner i døgnet rundt om i kommunen. Om vegstubbar som manglar lys og asfalt.
Alt dette skal lokalpolitikarane nå ta innover seg. Det er sjølvsagt strålande og godt jobba å kunne presentere nesten 100 millionar i overskott. Spørsmålet er likevel. Er det eit mål i seg sjølv? Kva pris betaler dei som bur her?
Kva spørsmål er dette vil du kanskje spørje? Vel det er spørsmål etter kvart mange, spesielt nyetablerte, stiller seg etter sist runde i nettbanken. Der er det lite som minner om millionar i overskott.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør