Takk for svar «Tidleg innsats»

Takk til Ordførar for eit omfattande svar på KrF sitt spørsmål om tidleg innsats og jordmortenester i kommunen vår.

Det er bra å vite at desse spørsmåla opptek Ordførar og det politiske miljø i kommunen. Likevel er vi ikkje ferdige, for vi meiner ressursar og treng å bli prioritert til arbeid med tidleg innsats og jordmortenester, på ei eller anna måte. Vi er takknemlige for at Levekårsutvalet har -tidleg innsats- som tema i mars, og at dei arbeidar vidare med korleis eit slikt arbeid kan være ein del av det heilskaplege arbeidet i kommunen.

Vi veit av erfaring at det er ei utfordrande oppgåve å nytte ressursane som kommunen har til disposisjon, på ein best mogleg måte. Kommunen har mange lovpålagte oppgåver som skal stettast og vi veit mange behov blir fremma. Barnehage, skole, helse- og omsorg er område som kommunen har stort ansvar for lovpålagte oppgåver og som krev brorparten av ressursane. Framover blir dette særleg viktig å nytte ressursane samfunnsøkonomisk klokt. Vi veit at kommuneøkonomien vil bli meir avmålt og demografien er slik at fleire menneske kjem til å ha behov for helse- og omsorgstenester, til dømes. Mellom anna skal kommunen legge til rette for at eldre menneske i Tysvær har ein meiningsfull og trygg alderdom. Det skal og prioriterast.

Nettopp fordi det er så viktig å nytte ressursane klokt framover, er KrF særleg opptekne av at vi gjer gode samfunnsøkonomiske val, altså tidleg innsats på område der det er mykje å hente, både på kort og lang sikt. Tidleg innsats kan hindre meir inngripande og ressurskrevjande tenester i neste omgang. Dette er i så fall, eit gode for alle. Tilgjengelige og tilstrekkelige jordmortenester er slik god tidleg innsats, som vi difor meiner vi må gi høg prioritet framover.

På vegne av kommunestyregruppa til Tysvær KrF;
Gunn-Marit Lygre