Kven er den vaksne?

Narkotika blant ungdom. Ein setning som får det til å grøsse hos dei fleste vaksne. Så lett å vere imot, så vanskeleg å gjere noko med.

På nytt er det store informasjonskampanjar som rullar og går, der målet er å unngå at nye grupper med ungdommar skal flørte med narkotika. Det handlar om stadig nye typar rus, og det handlar ikkje minst om kor fort ein mister kontroll. Og då tenker eg på både dei «heime» og ungdommen sjølv.
Det er mange som jobbar med slik informasjon og som gjer ein formidabel innsats. Lerretet er stort og det er plass til fleire. Til nå er det brukt mest svartmaling i dette arbeidet, og det verkar berre litt. Andre vil legalisere som eit motmiddel til at ungdommen prøver nye og farlegare stoff. Andre igjen bruker lettvinte løysingar, og uttallar at ungdommen i dag er ikkje verre enn den var før. Og den verste av dei alle er vel dei som påstår at det nå berre er å seie nei.
Nå skal ikkje eg komme opp med ei enkel løysing på eit svært innvikla problem i samfunnet. Ein kan vel slå fast at narkotikaproblemet er noko som har følgt oss gjennom eit par generasjonar nå.
Det eg vil er å rette eit fokus på dei som jobbar med dette. Det vil seie politi, ei rekke instansar innan helse, lærerar og andre. Som kvar dag omgår ungdommar som søker etter spenning, eller er i miljø der narkotika er ein del av miljøet. Dei må få ein helt anna respekt enn det ein ser i dag. Når dei er bekymra må det ikkje vere plass for dei lettvinte løysningane. Då må det takast på alvor.
Og verstingane her heiter dei føresette. Dei som sitt heime og snakkar om at ungdom er ungdom, og må få prøve seg fram. Det er slett ikkje alle, men dei er mange. Det er dei som reiser på helgeturar, og lar ungdommar styre heimen utan noken som helst krav til kva som skal skje der. Som aldri stiller spørsmål om verken venner eller stadar ungdommane vankar. Som synast omgrepet «leggetid» er noko som gjeld berre for dei aller minste. Det er dei som aldri tør stille dei vanskelege spørsmåla. Om rus, om sosiale problem, pengar eller om anna som pregar ei ung sjel. Det er dei som lukker øyre og augo, og nippar til eit glas og to i solveggen, og håper at dei der heime kosar seg like mykje.
Det er då ein går på ein smell. Når avstanden mellom ungdommane og dei vaksne blir så stor at det ikkje går ann å snakke om den minste ting. Då hjelper det ikkje at politi og helsevesen reiser rundt og fortel om skader og død knytt til rus. Når ikkje linken mellom dei vaksne heime og på skolen finst. Då er det vanskeleg å skape eit truverdig bilde av verkelegheita.
Me har denne gongen fleire sider om rus og rusproblematikk. Les desse sidene saman med ungdommane dine.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør