Anders Källgård har tatt for seg Norge sine 2017 øyer.
Anders Källgård har tatt for seg Norge sine 2017 øyer. Foto: Privat

Svensk bok om norske øyer

– I Tysvær kommune finns två helårsbebodda öar, och fem övergivna/fraflytta öar.

Slik lyder det når svenske Anders Källgård har tatt for seg Norge sine 2017 øyer. Sju av dei ligg altså i Tysvær. I ei praktbok med ei fin blanding av fakta, små historier og akvarellar, tar han og kunstnaren Johnny Ahlborg leserane med på ein skikkeleg tur langs kysten.
Dei to øyene med fastbuande i Tysvær er Toftøy og Borgøy. Så har han tatt med ei rekke med fråflytta. Det er: Nesøy, Langøya, Litla Håøya, Brattholmen og Vesterøya.
Boka «Norges öar» er ein dokumentasjon av alle dei 2017 norska øyene som i dag manglar fastlandsforbindelse. Det er øyer som har hatt fast busetting (året rundt) en gang etter år 1900.

Lettlest
Sjølv om boka er lettlest, og på svensk, blir ein lett dratt med på denne ferda. Dei korte stykka gjer at ein både kan bruke boka som eit oppslagsverk, men også til å sjekke ut sine favorittplassar langs kysten.
Det er som sagt ein kombinasjon av reiseskildringar og fakta. I tillegg er det gitt god plass til 100 akvareller av Johnny Ahlborg, noko som gir eit flott bilde av reisa.
I følge forfattaren er det i Rogaland over 70 slike øyer. Sju i Tysvær, resten fordelt slik: Finnøy (11 øyer), Stavanger (10), Karmøy (8), Haugesund (6), Sola (6), Sandnes (5), Suldal (4), Hjelmeland (3), Kvitsøy (3), Eigersund (2), Strand (2), Vindafjord (2), Forsand (1), Klepp (1), Lund (1), Rennesøy (1), Sokndal (1) og Utsira (1).
At boka er svensk er faktisk bare ekstra sjarmerande. Det blir ei slags vurdering utanfrå på noko av det me i landet er mest glad i, nemleg kysten vår. Forfattaren er ein øyhoppar og er svært interessert i landskapet og fenomenet. Det gir utslag i kva han har valt å ta med. Og det gir boka styrke.
Boka er innhaldsrik på detaljer, og er rimeleg oppdatert. Mellom anna blir det hinta om italienske planar på Borgøy, og Lars Hertervig er sjølvsagt via sin rettmessige plass.
Det kjem ei rekke spennande bøker innom i løpet av eit år. Denne er i klassen svært interessant. Den er både flott å bla i, har mykje fakta om ting du kanskje ikkje visste du var interessert i.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny bok

«Norges öar»
Anders Källgård
Johnny Ahlborg (ill)
Carlsson Forlag
702 sider
2018