Henning Aarekol fenga publikum med eit viktig bodskap, presentert med eit godt knippe humor.
Henning Aarekol fenga publikum med eit viktig bodskap, presentert med eit godt knippe humor.

327 tok turen for å bli inspirert av Henning

Ein nesten fullsett sal fekk med seg føredraget til Henning Aarekol onsdag kveld, der tema var «å leve eller overleve».

Det var LHL som inviterte, og arrangementet har fått så mykje merksemd at 327 personar tok turen.

Viktig fokus
På scena stod Henning; sjukepleiaren, ambulansesjåføren, relasjonsterapeuten og føredragshaldaren. Ein mann som veit det å fenge og engasjere publikum. Alle satt som nagla, og latteren trilla frå første setning. Særleg då Henning introduserte seg sjølv og delte frå ymse erfaringar i eige liv.
Men tema var altså ikkje Henning, men livsmot. Korleis held ein det oppe når sjukdom rammar? Eit stort tema som antakeleg aldri blir ferdigsnakka. Erfaringane, utgangspunkta og personane er naturleg nok ulike, men antakeleg kan alle la seg inspirere, og i følge Henning; kan alle snu måten å tenke på.
– Me må tenke på kor me legg fokuset vårt i kvardagen. Når folk på Voss klager på at dei hater snø, får dei mindre av det då? Vil ein komme til St. Peter og seie at ein brukte dei siste 20 åra av livet på å irritere seg over treet til naboen? Det finst heilt sikkert drit i ditt eige liv, men ein kan snu det og måten ein tenker på, fastslår Henning.

Mista mora
Henning Aarekol var personleg i delingane sine. Blant anna las han høgt eit brev han har skrive til mora si, som ikkje lever lengre. Han mimra om ei tid då han kjørte ambulanse saman med henne, og takka døden for at den har fått han til å forstå kva verdi mora har hatt for han.
– Om eg ikkje hadde hatt saknet så ville det vore skrekkeleg tungt. For gjennom det og kjærleiken er du med meg heile tida, mamma. Eg takkar døden for at den fekk meg til å sjå kor viktig du var. Så takk til deg døde, din horrible faen, sa Henning.
Aarekol hugsar frå tida då mora var sjuk, at familie kom på besøk og sa «du kan ikkje ha det godt du, Henning, som har ei sjuk mor». All den negative energien og det negative fokuset er også noko ein kan gjere noko med, påpeiker han. Eit anna eksempel er ungar som gleder seg når dei skal på besøk på sjukehuset eller gamleheimen, så seier foreldra «no må du vere rolig for her er det sjuke folk». Kvifor er det slik?

Vekka av ulykke
– Ikkje gløym den makta du sjølv har. Du kan gjere ein forskjell, minnar Henning.
Samtidig påpeiker han at om du vil ha ei forandring så må du faktisk gjere det sjølv.
For Henning sin del, fekk han ein vekkar då han var på ei ulykke, der ein mann hadde kjørt ein bil i rusa tilstand og krasja i ein fjellvegg. Mannen hadde krangla med dama, byrja å drikke, sett seg i bilen saman med ein kamerat og kjørt ut på glatta.
– Ulykka skjedde altså to timar før dei krasja i fjellveggen. Alt dette var medverkande årsak til at det gjekk så galt. Eg ser at eg også har vore medverkande årsak til at ting har gått galt i mitt liv. Så ein må tenke, kva makt ein eigentleg har og kor ein ønsker å vere, delte Henning.

Delte frå scena
Henning fekk også besøk på scena. Trioen Synnøve, Tom og Vibeke (Sørensen), har alle gjort seg erfaringar når det kjem til sjukdom og sorg. Tom mista dottera si for åtte år sidan, Synnøve var alvorleg sjuk med hjernesvulst og Vibeke, som me kjenner godt til, er ramma av Parkinson.
Dei tre delte om sine erfaringar om korleis dei taklar livet og kvardagen.
– Taket på humøret har gått ned, eg klarer ikkje bli like glad som før. Innimellom overlever eg livet, men av og til har eg det godt også, fortelte Tom.
– Når ein blir kronisk sjuk så rammar det heile familien, og det er tungt å bere på skuldra sine. Det er ein ekstra belastning. Eg blir aldri frisk og eg veit ikkje korleis framtida blir. Men det har komme gode ting utav dette også. Me lever livet kvar dag no, me utsett ikkje ting lengre, og me reiser ofte. Det er me glade i. Og ungane mine tar ingenting for gitt, dei har mykje empati og omsorg. På den måten har eg gitt noko unikt til barna mine, deler Vibeke.
– I ettertid ser eg kor mange som har stilt opp. Eg er så takksam for det som skjer i kulissene, alle som har laga eit nettverk rundt meg. Eg har blitt frisk, og eg sitt ikkje igjen med sorg, for eg fann meir enn eg mista, sa Synnøve.

Sjølvverd
Henning avslutta det heile med å minne om kor viktige me er i vårt eige liv. Han minna også om at alle har sin eigen kamp, og den er unik. Men ein kan bestemme seg for å sette pris på seg sjølv, og gi seg sjølv terningkast seks.