Få vil bli lege

I desse dagar får pasientane til lege Torbjørn Egenberg brev om at han gir seg. Dermed har to fastlegar i Tysvær gitt seg i løpet av kort tid.

Dei er blitt erstatta, men søkartalet var urovekkande lågt. Til saman søkte tre på dei to stillingane, der dei eine ikkje var kvalifisert. Det er ikkje nok, eller godt nok.
Dr. Egenberg har i sitt avskjedsbrev tatt relativt kraftig til ordet for at ein må sjå på legeordninga i kommunen. Det må opnast for fleire kommunale stillingar, noko helsesjefen og Tysvær kommune ikkje på kort sikt vil gjere. Egenberg trur ikkje at kommunen vil få fleire, og då spesielt lokale, søkarar om ein ikkje opnar for fleire kommunale faste stillingar.
Og han må ha eit poeng, for det viser seg at å få legar til å søke hit er vanskeleg. Me har høyrt det før, og me ser det altså på nytt nå. Ikkje noko galt i dei to som nå har takka ja, men det børe vere eit tankekors for administrasjonen at ein er har så skrapa søkarlister.
Me som sitt på utsida i slike prosessar stiller oss då raskt spørsmål om kvalitetssikring. Når ein får ein søkar til ei stilling, så må det vere fullklaff. Elles vil ein ha ei endå større utfordring.
Nå seier helsesjefen at ingen blir tilsett om dei ikkje er kvalifiserte. Og det trur me på. Men utfordringa blir ikkje mindre av den grunnen.
Eg trur dei som jobbar med desse utfordringane må sette seg ned og gå gjennom rutinar og forventningar ein gong til. Ein må lytte til dei som er der skoen trykker. Krava til fastlegane blir stadig fleire. Arbeidsdagen og ansvaret lengre og meir omfattande. Når ein lege må jobbe opp mot 12 timar kvar dag, så snakkar ein også om tryggleiken til pasientane og til arbeidsmiljøet på legesentra.
Men for alle dei som har vore pasientar hos Egenberg er det ingen veg tilbake. Han har sagt opp, og til hausten blir han lite å sjå i Tysvær.
Eg trur ikkje eg har fått så mange telefonar på ei enkeltsak, som denne. Etter at pasientane fekk meldinga har det vore kontakt jamleg. Folk er oppgitt, leie seg, og synst ikkje dette er greitt. For det er inga tvil om at legen din er det næraste familiemedlemet du har, som du ikkje er i familie med. Den kontakten, tilliten og respekten som ein har fått gjennom mange år, er det ikkje lett å rive seg frå.
Og Torbjørn Egenberg har gjennom dyktig arbeid fått eit godt namn, og mange nøgde pasientar. Nå gir han stafettpinnen vidare, og varslar samstundes samfunnet om noko som det må gripast tak i.
Det er smertefullt, som det ofte er når ein kontaktar ein lege.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør